Hopp til innhold

Her har det ikkje vore så mykje snø på 20 år

Det er fleire tiår sidan det har vore så mykje snø på isbreane i Sør-Noreg. Fleire stadar er snødjupna no over sju meter.

på målestasjonen ved steinmannen

GOD VINTER I HØGDA: På målestasjonen ved Steinmannen vitnar det også om ein snørik vinter.

Foto: EVEN LOE / STATKRAFT

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Med så store snømengder kan det bli eit godt år for breane. Eg er rimeleg sikker på at me vil få eit overskotsår, der breane legg på seg, fortel Bjarne Kjøllmoen, senioringeniør i NVE.

Det var Jostedalsbreen Nasjonalpark som først omtala dei nye målingane på Facebook.

Førre veke målte Statkraft følgande snødjupner på Jostedalsbreen i Luster:

  • Ved Kjenndalskruna i Stryn: 7 meter snø
  • I bakken mot Høgste Breakulen: 6,5 meter snø

Det er over 20 år sidan sist det blei målt like store snømengder her på denne tida av året.

– Me har framleis eit par månader til med vinter der det kan kome meir. Så me ligg bra an i år, fortel Kjøllmoen.

– Godt over normalen

Også målingar på Hardangerjøkulen vitnar om ein svært snørik vinter.

– Første veka i februar blei det målt 4,5 meter med snø der. Det er drygt tre veker sidan, og ein reknar med om lag 5,5 meter der no. Noko som er godt over normalen for årstida.

På Ålfotbreen i Nordfjord var det nedsnødde målestakar som møtte dei.

– Der var me litt for seint ute, så me veit ikkje anna enn at det i alle fall er mykje snø der.

Kjøllmoen presiserer at det ikkje er uvanleg at snørike vintrar gjer målingane utfordrande. Med fire målingar årleg gir måleprogrammet likevel gode haldepunkt.

– Målepunkta kan då ha lett for å snø ned og ein mistar kontrollen på kor mykje som har kome. Men når ein byrjar med ordinære snømålingar til våren veit ein meir.

Snømåling statkraft Jostedalen

FASTE MÅLEPUNKT: Statkraft kunne konkludere med ein snørik vinter etter målingane førre veke.

Foto: EVEN LOE / STATKRAFT

Sommarvarmen avgjer

Kjøllmoen seier ein dei siste 10 åra har opplevd store variasjonar i målingane, men at trendar jamt over viser at breane minkar.

– Snømengda har gått litt ned, men det er ingen kraftig trend. Det kjem ofte meir an på høge sommartemperaturar som medfører auka snøsmelting. I tillegg ser ein at plussgrader utover hausten gir kortare vintrar, der snøen kjem seinare enn før.

– Fleire har sett med bekymring på at brefrontane smeltar, gir målingar som dette grunn til optimisme?

– Det er lov å juble for vinteren me har no, men det er ingen garanti for at komande vintrar blir tilsvarande. Ein vil trenge fleire slike vintrar, kombinert med moderate somrar, for at breane skal vekse nok til at brearmane igjen går fram.

Hardangerjøkulen

HAR MINKA: NRK har tidlegare omtala spådomar om at Hardangerjøkulen kan vera borte om 50 år. Dette bilete er knipsa i 2015.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Stakane forsvann

Kjøllmoen presiserer at sjølv om vinterens snømengder lovar bra for breane, kan ein først til hausten gjere rekneskap.

– Då veit ein kor mykje snø som har kome, og kor mykje av det som smelta vekk att. Det skal likevel ein god sommar til for at desse snømengdene vil forsvinne i løpet av sommaren. Så eg er rimeleg sikker på at me får eit overskotsår.

Even Loe i Statkraft vil ikkje gå inn på kva konsekvensar den store snømengda kan få for kraftselskapet, men det er store mengder snø...

– Vi har ein del målestakar, ein del slike tynne rør. Men dei har alt snødde ned, så dei rakk vi ikkje å kome oss til før dei vart dekka av snø i vinter.