Hopp til innhold

Her har det brunne i eitt døgn – åtte kommunar med totalforbod mot open eld

Skogbrannen i Aurland starta med eit smell, og blir avslutta med eit smell. Etter over 24 timar går det mot slutten for brannen i området Flenjahornet/Lofti.

Skogbrann i Aurland

EITT DØGN: Brannen i Aurland har vore uråd å ta seg fram til, så det har brunne godt heile fredagen i fjellsida. Biletet vart teke tidlegare på dagen fredag.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen

Brannen vart meldt klokka 2049 torsdag kveld, og det har brunne godt gjennom heile fredagen.

Fredag kveld konstaterer Reinhardt Sørensen i Aurland brannvern at branne sluttar som den starta: med eit smell.

– Vi ser ut til å bli berga av ei skikkeleg torebye. Det har brunne godt i heile dag, og det ulmar framleis. Men no ser naturen ut til å ordne opp, seier han.

Sluttar som den starta

Brannen har i 24 timar herja kring 1.000 meter oppe i fjellsida. Terrenget har vore uråd å ta seg fram for brannvesenet, men dei har hatt oversikt og følgt med på utviklinga.

Sørensen seier i 21-tida fredag at det framleis ulmar i fjellsida, men han reknar med at regnbya som no feiar over Aurland truleg vil sløkkje brannen.

– Det går føre seg no, så det tek sikkert ikkje så lang tid før det er sløkt, trur han.

Skogbrannen er den tredje sidan torsdag kveld. Lynnedslag starta ein brann ved Nesbø i Vassbygdi, men denne fekk brannmannskapet raskt kontroll på. Fredag morgon slo eit lyn ned i terrenget over Kandal i Gloppen.

Stor skogbrannfare

Brannalarmsentralen i Florø melder at det framleis er stor skogbrannfare i heile Sogn og Fjordane, og i landet elles. I samband med brannfaren har Direktoratet for Samfunnstryggleik og Beredskap sett fire helikopter i beredskap.

I Sogn og Fjordane har no åtte kommunar totalforbod mot å gjere opp eld. Desse er Leikanger, Sogndal, Luster, Balestrand, Vik, Vågsøy, Bremanger og Flora.

– Dersom det berre er enkelte regnbyer, så er det ikkje mykje det monnar i jordsmonnet så då tørkar det veldig fort opp att. Vi er avhengige av å få litt meir nedbør før vi kan seie at det er tryggare, seier Terje Brandsøy ved Alarmsentralen i Florø.

Alarmsentralen minner også om det generelle forbodet mot å brenne bål i skog og mark mellom 15. april og 15. september.