Ifølgje meteorolog Rasmus Myklebust ved Vêrvarslinga på Vestlandet, er det litt feilmarginar knytt til målestasjonen på Kråkenes fyr, fordi den står på ein plass der vinden vert forsterka.
Men likevel er det ingen tvil om at det har blese godt her.
– Det er litt spesielt der, som sagt, men vinden har vore oppe i 64 knop på Kråkenes fyr, og det svarar til orkan, seier Myklebust til NRK.no.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Merkar vinden godt til sjøs
Styggevêret har herja over heile kysten torsdag kveld og natt til fredag. I morgontimane er lågtrykket i ferd med å trekkje seg lenger nord i Norskehavet.
Den sterkaste vinden er dermed i ferd med å flytte seg vekk frå kysten av Sogn og Fjordane.
Men framleis er vinden så sterk at den er fullt merkbar. Bilferja MF Vågsøy som går mellom Oldeide og Måløy melder om ei vindfull ferd i Fåfjorden sør for Måløy.
– Her bles det no mellom sterk kuling og opp i full storm i kasta, fortel Thomas Hegrenes frå styrehuset tidleg fredag morgon.
Mannskapet på ferja opplever ikkje vinden som problematisk fredag morgon, men seier vinden var tøffast torsdag kveld mellom klokka 21 og 23.
(Artikkelen held fram under biletet)
Framleis styggevêr utover dagen
Og vindfullt vêr kan dei måtte bu seg på at det blir også utover dagen, fortel meteorolog Myklebust.
– Det blir nok sterk eller full storm utover fredagen, seier meteorologen.
Det er elles meldt om regnbyer og haglbyer, og det blir snø over 3–500 meter. Fleire stader er det utrygt for torevêr.
For Måløy er det også sendt ut varsel om svært høg flo fredag. Ekstremvarselet gjeld for Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Helgeland, Salten, Ofoten og Lofoten. Men også i området ved Stad kan dei vente seg høg vasstand.
Klokka 10 er floa kring Stad og Måløy rekna å bli 273 centimeter over det som vert rekna som nullnivå i tidevasstabellen. Rekorden på 282 ser dermed ikkje ut til å bli slått.