Her gjer hingsten det han kan for å redde hesterasen

Nasjonalhesten vår slit med rekrutteringa, men no jobbar hingsten «Viking Fjord» overtid for å sikre nok etterkommarar.

Tapping av fjordhestsæd

DRISTIG: Veterinæren plasserer gummiskjeden slik at sæden lett finn vegen i behaldaren.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Ein staseleg fjordhingst svingar seg ut på plassen framfor Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid.

Det er testosteron i lufta.

Hingsten heiter «Viking Fjord», og snart skal han tappast, som det heiter.

Berre hingstane med særleg gode avlseigenskapar skal bringe genane sine vidare, og tre år gamle Viking Fjord har fått fin omtale av fagdommarar under den årlege hingsteutstillinga på Nordfjordeid.

«Velforma hals»; «god bog og godt markert manke»; «sterk lend og godt kryss»; «taktfast galopp»; «eksteriørpoeng: 8.5, 8.5, 8, 8.5», heit det i dommen.

Men sjølv dei finaste representantane for rasen treng tid til å henta seg inn att.

– Vi prøver å gi hingstane fri mellom kvar gong, slik at dei ikkje blir for slitne, seier hesteeigar Kari Alsaker.

Tappinga skjer difor berre ein til tre gonger i veka.

Fort gjort – men usikkert resultat

Veterinær Torbjørn Nes Hjelle smett fram med eit røyr fora med mjuk plast og lunka vatn når hingsten bykser til på den kunstige hoppa.

Nokre gode støyt seinare er verdifull arvemateriale på plass i behaldaren.

– Fordelen med å gjere det kunstig er at vi har god kontroll på om hoppa er i brunst, og vi unngår trøbbel med smittsame sjukdomar og at hestane skadar kvarandre, seier han.

Torbjørn Nes Hjelle

KONSENTRERT: Veterinær Torbjørn Nes Hjelle ved Eid veterinærklinikk.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), Norsk Fjordhestsenter, Norsk Hestesenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest samarbeider no om eit forskingsprosjekt for å finne ut korleis ein kan få fleire vellukka paringar og insemineringar.

Kvart år blir det forsøkt å avle på mellom 200 og 300 hopper, men berre 60 prosent av dei kjem med føl. I 2019 blei det fødd 170 fjordhestar i Noreg, og i 2018 var talet berre 132.

Mange eigarar har hesten på hobbybasis, og då blir dyrt avls- og oppdrettsarbeid valt vekk.

Samstundes har traktoren i det store og heile gjort han overflødig i sitt «naturlege habitat» – gardsarbeid.

– Fjordhesten finst i fleire land, så ein har jo ein «reserve» om vi skulle trenge det, men det er i Noreg vi best tek vare på han, seier Hege Sæther Moen, som er leiar i Noregs Fjordhestlag.

Ho legg til:

– Dei små gardsbruka har vore ryggrada blant fjordhestoppdrettarane.

Sæd frå fjordhest

DOSAR: Når sæden er tappa blir den delt opp i høvelege mengder før inseminasjon.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Prosjektet er finansiert av Stiftelsen hästforsking, og skal undersøke kva genetiske årsaker har å seie for fertiliteten.

Prosjektleiar er Ingrid Holmøy ved Veterinærhøgskolen.

– Vi ønsker å undersøke faktorar som verkar inn på prosenten føl, både for dølahest, fjordhest, nordlandshest/lyngshest, seier ho.

LES OGSÅ: Ola (81) lærer barnebarna korleis dei bruker hest i skogen

Tre gonger i veka

Attende ved Norsk fjordhestsenter blir sæden blir plassert med eit tynt rør rett i livmora til hoppa.

Tre gonger i veka sjekkar dei tilsette om hoppene er klare for inseminering.

Dagleg leiar ved Norsk fjordhestsenter, Magni Hjertenes Flyum, seier det finst lyspunkt for den truga rasen.

– Men vi må ha minst 200 fødde føl årleg for å vere på den positive sida av streken.

Fjordhest eller fjording er en norsk hesterase med sterke røtter på Vestlandet. Den første stamboken ble opprettet i 1910, men utstillinger for «vestlandshesten» har blitt arrangert helt fra 1864.

STERKE RØTER: Fjordhest eller fjording er ein norsk hesterase med sterke røter på Vestlandet. Den første stamboka vart oppretta i 1910, men utstillingar for «vestlandshesten» har blitt arrangert helt frå 1864.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix