Hopp til innhold

Her gjer dei klart til å ta i mot opptil 100 flyktningar som skal ta buss til Bergen

Ytterklede, kosebamsar, babymat og teiknesaker er på lista over det som vert handla inn til dei ukrainske flyktningane som skal hentast til Noreg.

Helsefagarbeiderne Agnete Andersen og Julian Enerhaug.

SISTE INNKJØP: Helsearbeidarane Agnete Andersen og Julian Enerhaug gjer dei siste innkjøpa før grensa til Ukraina.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fyllingsdalen Teater i Bergen har den siste veka klargjort for å reise til grensa mellom Polen og Ukraina. Laurdag starta ferda sørover med to bussar.

Dei er nokon av mange i Noreg som no vil hjelpa i den store humanitære katastrofen som befolkninga i Ukraina opplever.

Opp mot 1,5 millionar menneske har flykta frå krigen. Mange av dei mot nabolandet Polen, der det skal ha komme så mange som éin million .

Tysdag skal bussane frå Vestland vere framme, og på grensa ventar 80 namngjevne personar som skal vera med tilbake til Noreg og Bergen.

I tillegg har dei 20 akuttplassar tilgjengeleg.

Helsefagarbeiderne Agnete Andersen

BARNEKLEDE: Helsearbeidarane Agnete Andersen og Julian Enerhaug leiter etter varme jakker og vottar til tre små barn.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Helsearbeidarar om bord

Måndag kveld er dei gode hjelparane på eit stort kjøpesenter i Polen. Her handlar dei inn til bussreisa heim.

– Me veit ikkje kva som ventar oss, men er førebudde på at det vert kaotisk på grensa. Det er det einaste me veit, seier Agnete Andersen, som er med på bussane.

Ho og Julian Enerhaug er helsearbeidarane som har ansvar for at flyktningane har det bra på bussturen tilbake til Noreg.

Dei siste innkjøpa vert gjort i stort fart.

Andersen og Enerhaug leiter blant reolane etter barnejakker, mat, leiker og teiknesaker.

– Av dei som skal vera med oss tilbake er det tre barn. Me veit at dei ikkje har ytterklede, trass i at temperaturen berre er om lag to grader. Difor skal me handla ytterklede, hanskar og luer, seier ho.

Agnete Andersen, reiser med buss til den ukrainske grensen.

Helsearbeidar Agnete Andersen frå Bergen er med teateret ned til Ukraina-grensa.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Dårleg tid

Vidare skal dei handla inn mat til alle som skal tilbake til Bergen. Planen er å ha eit så kort stopp på grensa som dei klarar, før ferda går tilbake til Noreg igjen via Hirtshals.

– Planen er å køyra i 24 timar tilbake for å rekka båten frå Hirtshals. Då må me ha mat for å vera i bussen så lenge, seier Andersen.

Ho fekk spørsmål om å vera med i bussen laurdag morgon. Då hadde ho halvannan time på seg til å gjera seg klar.

– Eg har lyst til å bidra, og til å gjera ein innsats. Dette har eg også moglegheit til, og det skulle berre mangla, seier ho.

Bussjåfør Svein Gallefoss styrer bussen stadig nærare grensa.

– Kjenslene kjem vel mest når vi nærmar oss. Eg trur også det blir tøft å reise tilbake til Noreg i morgon, når vi må sjå på dei som ikkje får bli med, seier han.

Les også: : Dette ber hjelpeorganisasjonane deg gjere i Ukraina-krigen