Hopp til innhold

Her går raset: Ordføraren kjem seg ikkje heim att

Ras og uvêr gjer at ordførar og kriseleiar ikkje kjem seg heim att. Heldigvis bur svigermora ikkje langt unna.

FILMA RASET: Maren Loven bur på andre sida av raset. Ho sprang ut på verandaen for å filme. – Heldigvis kom det ingen bilar!

– Det blir ei ny natt i huset til svigermor, seier Trygve Skjerdal.

Det bur elleve folk i Skjerdal. Ein av desse er ordførar Skjerdal (Sp), som også er kriseleiar i kommunen.

Grunna uvêret har han hatt mellombels bustad hos svigermora i Flåm.

Torsdag ville han heim att, men då kom raset i heimbygda.

Så no blir det enda ei natt i huset til svigermor.

Maren Loven, som var augevitne til raset, er glad for at det ikkje var bilar på vegen.

Raset var kring 300 meter breitt.

Fleire flyttar til andre bustadar

I Stryn kommune har Mons Rustøy ligge ankra opp sidan tysdag. Torsdag kveld har det verkeleg ruska til både på sjøen og i dalføret Oldedalen, som han har «flykta frå».

Folk i Oldedalen var utan både straum og vegforbindelse natt til fredag.

I løpet av natta kom dei også til å vere utan telefondekning om situasjonen heldt fram.

Mons Are Rustøy og sonen Harald Øye Rustøy i båten.

BUR I BÅT: Mons Are Rustøy og sonen Harald Øye Rustøy i båten dei flytta til på tysdag. Torsdag kveld er Oldedalen utan straum og vegforbindelse. Men det spørst om det er noko betre på sjøen?

Foto: Mons Are Rustøy

Klimabåtflyktning

Mons Rustøy har fått vite av kona si, som er igjen i Oldedalen med dyra, at takplater har gått av med naboen. Det er eit forrykande vær.

Han flytta i båten på tysdag då vegen blei stengt. Det var einaste måten han kunne klare å komme seg på jobb.

Trur du det er betre å bu i båt no enn i Oldedalen?

– Det rister og skaker. Blæs heilt enormt og eg har måtte til med ekstra fortøying. Så eg veit ikkje heilt, seier han.

Natt til torsdag gjekk det også eit ras like ved båten hans. Raset sperra vegen mellom Loen og Olden.

– Eg merka det ikkje, men såg det først etterpå, seier Rustøy.

Båten til Mons Are Rustøy.

DET RISTER GODT: Rustøy har fått på ekstra fortøying for å sikre båten.

Foto: Mons Are Rustøy