Hopp til innhold

Her går Oskar på høgline høgt over Jølster

Oskar Keller fortel at han har høgdeskrekk. Det skulle ein ikkje tru når ein ser bileta av han på ei line over Jølster, med berre luft under seg.

Oskar Keller fortel at han har høgdeskrekk. Det skulle ein ikkje tru når ein ser bileta av han på ei line over Jølster, med berre luft under seg.

OVER JØLSTER: Oskar Keller valde ut plassen i fjor, men kunne ikkje setje opp lina før i år.

– Her er det kanskje 60–70 meter rett ned, og så går det bratt ned til Jølstravatnet.

Oskar Keller er på veg ut på ei 40 meter lang slakkline høgt over Jølster. Han har festa lina mellom toppane Litlefjellet og Hovefjellet. Etter han er komen tilbake på fast grunn fortel han NRK om kor vanskeleg det han nettopp har gjort er.

– For å gå på ei slik line bør du vere ganske trygg på ei 60 meter lang line i parken. Både fordi denne lina er slakkare og rører seg annleis, og fordi du mistar ein del referansepunkt, seier han.

– I tillegg til det kjem høgdeskrekken, som eg har litt av. Dei som ikkje har det vil klare å slappe av på ein heilt annan måte, og difor meistre det tidlegare.

– Heilt trygt

– Korleis endar ein med høgdeskrekk opp på ei høgline?

– Eg begynte med å gå på line heilt uavhengig av å gå på høgline, berre fordi eg syntest det var gøy. Etter kvart vart eg meir interessert i å gå i høgda, og utfordre min eigen høgdeskrekk.

Keller forsikrar om at det han driv med er heilt trygt.

– Vi er sikra i lina. Vi har to festesystem på kvar side av lina, som begge skal vere heilt trygge i seg sjølv. Saman vert dei då overflødig trygge, seier han.

Planlagt i eitt år

Å gå på line akkurat i Jølster er noko Keller har hatt planar om sidan i fjor. Då var han på tur med to kompisar som også går på høgline for å finne nye stadar å sette opp liner.

– Så fant vi denne staden, men fekk ikkje gått på lina fordi vêret slo om, fortel han.

Sjølv om Keller går på ei line høgt over Jølster, er det ikkje så mykje han får med seg av utsikta. Han fortel at det er vanskelegare å stogge for å sjå seg rundt.

– Eg gjorde ikkje det denne gangen, men eg såg Jostedalsbreen medan eg gjekk, så utsikta er flott den.

Lite miljø

Ifølgje Keller er det førebels ikkje så mange som er aktive i slakkline-miljøet i Noreg.

– Det er ganske stort internasjonalt, og i Noreg er vi nokre som prøvar å byggje opp miljøet og få folk til å gå på line.

Keller fortel også at ein av kompisane hans nettopp har starta ein ny slakkline-klubb. Keller håpar dette kan auke interessa for å gå på line.

– Eg trur absolutt at det kan hjelpe til å byggje opp miljøet, og få fleire til å oppdage sporten, seier han.

Oskar Keller over Jølster

SLAPPAR AV: Høgderedd, men held det under grei kontroll.

Foto: TABITHA FODGAARD/ANFINN MØLNVIK