Hopp til innhold

Her fryktar Karadas ankelbrot

– Det første han spurte om var «kor lenge eg blir ute, og kva er det verste som kan skje», fortel kiropraktor Michael Justad.

Sogndal-spelar Azar Karadas ut på båre mot Tromsø.

FRYKTA BROT: Sogndal-spelar Azar Karadas trakka kraftig over i oppgjeret mot Tromsø. Sjølv frykta eidaren brot i ankelen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Midtveges i første omgang vart Azar Karadas liggande att på bana etter ein luftduell i oppgjeret mot Tromsø.

Eidaren trakka kraftig over då han landa og vart boren av bana. Etter sjekk i garderoben vart Karadas sendt til Førde sentralsjukehus medan lagkameratane i Sogndal kjempa i land den viktige 1-0-sigeren.

– Det kan vere ein kraftig forstuing, eller det kan vere brot. Noko sikkert kan vi ikkje seie før vi har fått svar på røntgenbileta, seier Michael Justad.

– Han frykta brot

Medan Karadas låg nede, kunne kiropraktoren til Sogndal raskt konstatere at den tidlegare tyrkiaproffen måtte ut.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kiropraktor Michael Justad signaliserer at Karadas må ut.

BYTE: Kiropraktor Michael Justad signaliserer at Karadas må bytast ut.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Han frykta brot i ankelen. Eg fryktar ikkje brot, for eg gjorde nokre undersøkingar som tydde på at det ikkje var fraktur. Men vi må alltid utelukke det verste, seier Justad.

Karadas vart erstatta av Gustav Valsvik, som spelte ein god kamp for heimelaget.

Valsvik fekk sjansen

Valsvik har førebels ikkje signert noko ny kontrakt med Sogndal, og var spelaren Karadas tok plassen til.

Tonny Brockmann Christensen, Gustav Valsvik, Stian Dyngeland på benken for Sogndal.

PÅ BENKEN: Tonny Brockmann Christensen, Gustav Valsvik og Stian Dyngeland starta på benken mot Tromsø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vikjen vedgår at det ikkje var slik han ynskte han skulle få speletid.

– Nei, sjølvsagt ikkje. Aller helst ville eg ha starta. Det var slik eg fekk same sjanse tidlegare i sesongen då Jasmin (Mecinovic, red. anm.) vart skadd. Då også tok eg i mot det med opne armar, seier 19-åringen.

– Ein viktig mann

Med Mecinovic ute starta Valsvik dei 15 neste seriekampane. Sidan Karadas kom til klubben, har han måtte tilbringe det meste av tida på benken.

Sjølv om det skulle gå utover speletida hans, håpar Valsvik at Karadas er raskt tilbake på bana.

Jonas Olsson

VIL HA AZAR: Sogndal-trenar Jonas Olsson håpar Karadas snart er tilbake på bana.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg håpar inderleg at han blir frisk att. Han er ein viktig mann for troppen og laget, både offensivt og deffensivt. Han er ein mentor for oss unge og kjem med friske impulsar og er rutinert, seier Valsvik.

Vil ha Karadas klar att

Også Jonas Olsson håpar på gode tilbakemeldingar når røntgenbileta er klare.

– No kom Gustav Valsvik inn og gjorde det veldig bra, men eg håpar Azar kan vere medverkande på slutten, seier Sogndal-trenaren.