Hopp til innhold

Her fryktar dei det kan gå fleire ras

– Vi har ikkje kontroll på situasjonen, så difor finn vi det best å halde vegen stengd til i morgon.

Steinras ved Sørpollen på fv618

STEINBLOKK: Ei av steinblokkene frå raset ved Sørpollen sperrar det meste av køyrebana.

Foto: Statens vegvesen

Det seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Vidar Solheim, etter at fleire steinar dundra ned på fylkesveg 618 ved Sørpollen i Vågsøy.

– Vi har bestilt ein geolog som skal vurdere situasjonen når det blir lyst i morgon. Så får vi sjå om det er trygt å opne. Det blir første bod, seier Solheim.

OPPDATERT: Det blir ny vurdering kl 13 i dag.

– Veldig stor steinblokk

Steinras på fylkesveg 618

SKADE: Steinane gjorde skade på både vegbana og støypekanten. – Det er ei veldig stor steinblokk, seier Ketil Molvær, trafikkoperatør hos Vegtrafikksentralen.

Foto: Statens vegvesen

Raset vart meldt like før klokka 16. Etter det Vegtrafikksentralen kjenner til var ingen i umiddelbar nærleik av å bli treft av dei mange små og store steinane som kom ned.

– Det har ikkje vore eit kjent raspunkt for oss dei seinare åra, seier Solheim.

Den største steinblokka er opplyst å vere kring to meter høg, og to og ein halv meter lang. Steinblokka dekkjer det meste av køyrebana.

Raset gjorde skade på både vegbana og støypekanten.

Stort ras for få år sidan

Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) seier det for nokre år sidan gjekk eit stort ras like ved.

Selje-ordførar Stein Robert Osdal i Sogn og Fjordane tingrett.

UVENTA: – Vi var heldige sist også. Denne perioden av døgnet er det mykje trafikk. Det har vore kaldt og tørt lenge, så det er litt rart at raset kom no, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Steinane knuste støypekanten og du ser framleis såret i fjellsida. Sidan då seier mange at dei ser opp i fjellsida når dei køyrer forbi. Det gjer eg også, seier han.

– Eigentleg er heile strekka frå Allmenningsfjellet til botn av Sørpollen og flatstrekkja der stygg. Både med tanke på ras og den bratte bakken frå Allmenningsfjellet, legg han til.

Har spelt inn punkt

NRK fortalde torsdag at staten vil bruke 3,7 milliardar kroner på å sikre vegane til knapt 600 innbyggjarar i ti bygder. I Sørpolen er det ikkje planlagt noko sikringsarbeid.

– Problemet er at steinane truleg losnar i 300 meters høgde, og fjellsida går rett ned. Eg trur sikring blir eit for stort og dyrt prosjekt, seier Osdal.

– Vi har spelt inn fleire trafikkfarlege punkt på strekkja. Det mest kritiske er sørpollbakkane, 100–200 meter frå rasstaden mot Allmenningen. Der har vi pressa på for siktrydding sidan vogntog blir ståande fast der kvar vinter, seier han.

Gir utfordringar

Steinras ved Sørpollen på Fylkesveg 618

STOR: Ingen personar kom til skade i steinraset torsdag ettermiddag.

Foto: Statens vegvesn

Raset torsdag gjer at reisande mellom Allmenning og Selje må køyre fylkesveg 61 om Åheim. For dei som bur i området Flatraket forlengjer det turen til Måløy med kring ein time.

I snitt passerer vel 600 bilar i døgnet rasstaden.

– Vi har veldig stor pendling frå søre del av Selje kommune til Måløy, så dei får ein utfordrande dag. Ei anna utfordring blir bussane mellom Måløy og Selje, og så må det organiserast skuleskyss for dei vidaregåande elevane som skal til Måløy, seier Osdal.

– Eit tredje problem er at Flatraket-området i dag er dekt av brannvesen i Måløy. Når dei no må komme frå Selje blir utrykkingstida 15 minuttar lenger, seier han.

  • NB! Saka er oppdatert då det tidlegare stod at reisande mellom Selje og Måløy fekk ein time lenger veg.

SØRPOLLEN: Fylkesveg 618 mellom Allmenning og Selje er stengd på grunn av steinras.