Tal frå FN spår at reiselivet vil få ein vekst på 60 prosent dei neste tolv åra. Denne veksten vil også skje i Noreg. Det kom fram under eit reiselivsseminar i Sogn i dag.
– Berre i Flåm kan veksten bety 700.000 fleire turistar per år, fortalde direktør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord då han la fram tala.
Dei kjem frå Verdas turismeorganisasjon UNWTO som er ein organisasjon knytt til FN. Om veksten held fram, vil Geiranger få 600.000 fleire turistar i 2030.
– Veksten er positiv så lenge vi klarar å handtere han, seier Brandshaug.
I 2017 kom det omlag ein million turistar til Flåm og Aurland. Globalt var 2017 for sjuande år på rad eit nytt rekordår for reiselivet.
Ønskjer turistar heile året
GEIRANGER: Her kan det bli ein auke på 600.000 fram mot 2030.
Foto: Sissel Brunstad / NRKTal frå Visit Norway viser at turisme og reiseliv er verdt om lag 170 milliardar kroner årleg for Noreg. Brandshaug seier at veksten er viktig for å få turisme til å bli ei heilårsnæring.
– Reiselivet handlar om arbeidsplassar og bygdesamfunn som skal overleve. Difor må vi ha fleire turistar enn det vi har i dag. I Sogn har vi mykje å gå på. Det gjeld sommaren, men også haust, vinter og vår.
Brandshaug seier at om vi skal tene pengar på reiselivet, må vi akseptere at det kjem fleire folk.
LA FRAM TAL: Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord presenterte nye tal.
Foto: Odd Helge Brugrand / NRK– I Noreg er det berre nokre få stader vi opplever trengsel. Andre stader er ganske stille midt i juli.
– Det er diskusjonar om til dømes overturisme og miljø. Korleis blir det bli med ein auke?
– Alle ønskjer seg nullutsleppsløysingar uansett framkomstmiddel. No er det sterke krefter som jobbar godt i Flåm, mellom anna med elektrisk drift av både båt og bane. Vi ønskjer også å styre trafikken i tidsperiodar og sesongar.
Vil ha balanse
Reiselivsekspert Arild Molstad er oppteken av bærekraftig turisme. Han meiner vi må tenkje meir på kvalitet enn kvantitet.
– Vi må forsikre om at vi tenkjer på balansen mellom vekst og vern, heller enn å jage etter stadig fleire turistar. Overturisme har øydelagd mange destinasjonar rundt om i verda.
Framover meiner han det er viktig å ha ein turisme som skaper arbeidsplassar lokalt.
– Det er verdiskaping vi vil ha, ikkje fleire turistar. Vi må stille spørsmål om til dømes cruiseturismen er den som kjem til å skaffe arbeidsplassar og verdiskaping for norske bygder.