Hopp til innhold

Her fortel Marianne ministeren kvifor ho ikkje torer å flytte heim

SLÅTTEN/JØLSTER (NRK): Skadane etter dei mange rasa gjorde inntrykk på samfunnstryggleiksministeren, då ho i dag vitja Jølster. Marianne Slåtten fortalde om korleis familien kvir seg for å flytte heim, trass i at NVE no seier det er trygt.

Ingvill Smines Tybring-Gjedde, Oddmund Klakegg og Marianne Slåtten

MINISTERBESØK: Samfunnstryggleiksminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde og Marianne Slåtten.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det var berre flaks at raset gjekk der gjorde, slik at det ikkje tok huset, fortalde Marianne Slåtten til ministeren.

Naturkreftene sine herjingar gjorde djupt inntrykk på samfunnstryggleiksminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde som i dag vitja Jølster og grenda Slåtten.

– Store svære tre er knekte som tannpirkarar. Mange 1000 kubikk frå fjellsida er vekke, og vi ser at hus lett kunne blitt tatt. Det er nesten umogleg å sette seg inn i korleis det har vore, utan å ha vore til stades, seier Tybring-Gjedde.

På Slåtten i Jølster stoppa rasa berre meter frå bustadhusa. I den vesle grenda står fleire hus no tomme. Dei som budde i husa kjenner seg ikkje lenger trygge nok til å bu der.

– Slik det er no er det heilt uaktuelt å flytte heim igjen. Ungane kan ikkje bu i eit rasområde, seier Erlend Slåtten, som er gift med Marianne.

– Det forstår eg svært godt. Det er ikkje vanskeleg å sette seg inn i ein situasjon der familien ser dette berre nokre meter frå husveggen. Det var fleire born her. At dei ser mørkt på tilværet, det skjønar eg godt. Regjeringa set no i resursar, vi kjem til å halde fram med sikringsarbeidet som alt er starta opp.

Ingeborg Slåtten og Ingvill Smines Tybring-Gjedde

RAS: Ingeborg Slåtten fortel ministeren om korleis ho opplevde rasa.

Foto: Bård Siem / NRK

Forventar hjelp frå storsamfunnet

Forsikringsbransjen anslår at det kjem til å kome til å koste kring 50 millionar kroner å rydde opp etter dei mange rasa. Ordføraren meiner at no storsamfunnet må hjelpe til.

– Pengane som skal til for å rydde opp her, dei finst ikkje. Vi må ha hjelp utanfrå skal vi klare å rydde opp i dette på ein skikkeleg måte, og ikkje minst førebygge slik at folk kjenner seg trygge i framtida, seier ordførar Oddmund Klakegg (Sp).

– Det er vanskeleg å seie kva som kjem til å skje akkurat i forhold til tryggingsarbeidet. Kvar det skal settast inn sikringsarbeid er noko vi må vi sjå på i evalueringa. NVE skal jo gjere ei vurdering av heile området, så det må ein nesten vente med å svare på, seier Tybring-Gjedde.

Vil rydde opp i mobilproblema

Ei av dei store utfordringane for redningsmannskapa i Jølster etter rasa var mangelen på mobilsamband. I alt fem mobilbasestasjonar fall ut på grunn av rasa, og dermed var naudsambandet det einaste sambandet inn og ut av rasområdet på Vassenden.

Tybring-Gjedde møtte naudetatane i Jølster

MØTTE NAUDETATANE: Før statsråden møtte innbyggjarane i Jølster, var ho i møte med representantar for naudetatar, sivilforsvar og Fylkesmannen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det er uakseptabelt, og det er noko vi kjem til å følge opp. Eg har allereie snakka med digitaliseringsministeren om dette og avtalt eit møte, seier Tybring-Gjedde.

– Vil regjeringa rydde og sikre området så godt at folk kan flytte attende hit?

– Det er vi nøydde å kome attende til. Vi må sjå på kva sikringstiltak som er naudsynt og på kva stadar. Det er situasjonen framleis for uoversiktleg til. Her i Jølster ser vi at det har gått ras på stadar som det ikkje har gått ras tidlegare, og då er det viktig å sjå på kva andre stadar som er utsette, seier Tybring-Gjedde.