Hopp til innhold

Her flyr dei for første gong utstyr med drone til Nordsjøen

MONGSTAD (NRK): Minihelikopter skal i 150 km/t frakte kritisk utstyr til Nordsjøen – heilt utan mannskap.

Equinor testa for første gong ut frakt av utstyr til Nordjsøen med ubemanna minihelikopter.

SJÅ VIDEO: Equinor testa for første gong ut frakt av utstyr til Nordjsøen med ubemanna minihelikopter.

På Equinors oljeanlegg på Mongstad tok torsdag ei nyskaping av med retning mot Nordsjøen.

Fire meter lang, 150 kilo tung og med ein toppfart på 150 km/t.

Med ein liten rom der det er plass til ein 3D-printa del som høyrer til ein av livbåtane på Troll A-plattforma.

Dronen kan bli løysinga på dei mange hasteoppdraga med utstyrsdelar som den gigantiske oljeverksemda på norsk sokkel er avhengig av.

Flyturen, som primært går føre seg i fem tusen fots høgde, tok ein dryg time.

– Denne dronen vil bruka om lag ein femtidel så lite drivstoff som eit ordinært rutehelikopter. Den gir òg eit mindre karbonavtrykk og lågare kostnader, seier operasjonsansvarleg for testpiloten og sjef for flytransporttenester i Equinor, Steinar Mathisen.

Flyr kritiske delar på rekordtid

I dag er det ordinære, fullskala rutehelikopter som flyr hastedelar og kritiske komponentar frå fastlandet til dei mange oljeinstallasjonane i Nordsjøen.

Håpet er at bruken av dronar kan revolusjonera denne sårbare delen av oljeproduksjonen.

– Med dronar har me høve til å ta i bruk vindauge som helikopter ikkje kan ta i bruk i dag. Det vil også vera positivt for produksjonseffektiviteten, poengterer Mathisen.

Ceilie Rønning, direktør for felles driftsstøtte i Equinor.

ALDRI FØR: Cecilie Rønning er direktør for felles driftsstøtte i Equinor, og fortel at torsdagen vart ein for historiebøkene.

Foto: Mette Anthun

Historisk dag

– Eg trur det er viktig at me testar ut ny teknologi. Det er ein utvikling me ønskjer å vera med på. Ønsket er å transformera norsk sokkel for framtida, seier Cecilie Rønning, direktør for felles driftsstøtte i Equinor.

Torsdag var i så måte ein historisk dag for oljeselskapet.

Aldri før har ein kommersiell drone blitt tatt i bruk for å frakta hastedelar offshore. Den første reelle testoperasjonen gjekk frå oljeraffineriet Mongstad til Troll A-plattforma, som ligg rundt 70 kilometer nordvest for Bergen.

– Så vidt me veit er dette første gongen ein nyttar drone til å transportera ein del til ein offshoreinstallasjon i drift. No tek me nokre skritt i rett retning for å testa ut om dronar kan vera eit sikkert og trygt alternativ i drifta av norsk sokkel, seier Rønning,

Drone over Mongstad

FØRSTE TUR: Her flyg dronen over Mongstad, på veg til Troll-A plattforma som ligg nordvest for Bergen.

Foto: Equinor

«Betre og billegare»

Olje- og gassnæringa held mange timar i helikopter årleg. Tal frå Sintef viser at berre frakt av passasjerar i helikopter på norsk sokkel bikka 45.000 flytimar i 2015.

I toppåret 2014 var talet heile 60.000. Då er ikkje timane som blir brukt på frakt av gods, trening og redningsaksjonar inkludert.

– Dette er ein del av konseptet i framtida med tanke på korleis me ønskjer å frakta hasteleveransar ut til Nordsjøen. Me ser på dette som eit første skritt til å utvikla våre logistikkoperasjonar. Målet er å få betre, billegare og ikkje minst meir miljøvennlege operasjonar, seier Mathisen.

Drone landar på oljeplattform i Nordsjøen
Foto: Equinor