Hopp til innhold

Her feirar dei at staten framleis skal styre pengesekken

«Hurra, hurra, dei skrotar regionreforma!» Reaksjonane er delte etter at regjeringa la vekk regionreforma for kulturen.

Det er ikkje første gong at kulturen blir sett nedst på lista, så dette gir oss den tryggleiken at vi ikkje blir det, seier teatersjef Bodil Kvamme ved Teater Vestland.

TRYGGE ATT: Det er ikkje første gong at kulturen blir sett nedst på lista, så dette gir oss den tryggleiken at vi ikkje blir det, seier teatersjef Bodil Kvamme ved Teater Vestland.

Foto: Ola Weel Skram

Presisering: Teater Vestland presiserer at kaka opprinneleg vart kjøpt inn til to jubilantar, men at feiringa vart utvida og at kaka fekk ein ekstra dimensjon ettersom kulturminister Abid Raja og regjeringa snur og skrinlegg kulturen si regionsreform.

– Eg er så utruleg letta, og framleis ganske skjelven. Eg sende meldingar til alle medarbeidarane med «hurra, hurra, dei skrotar regionreforma når det gjeld kultur». Eg er mållaus og overlykkeleg, fortel teatersjef Bodil Kvamme ved Teater Vestland.

I kulturlivet har fleire vore skeptiske til forslaget, fordi dei fryktar at andre fylkespolitiske oppgåver vil ete av potten til kulturinstitusjonane.

– Vi frykta at alle pengane skulle gå over til ein stor kulturpott. Sjølv om vi kanskje dei første åra ville vere øyremerka, ville vi ikkje vite kva framtida ville bringe, seier Kvamme.

Ho får følgje av teatersjef ved Rogaland Teater, Glenn André Kaada.

– Når fylkespolitikarane skal prioritere korleis dei skal fordele pengane mellom skole, samferdsel og kultur, så vil de stå i ein mykje vanskelegare posisjon enn om staten gjer det, seier han, og legg til:

– Eg har til gode å høyre argument om kvifor det er så bra å la fylkeskommunen fordele desse pengane.

– Floppar totalt

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, på si side, kallar nyhenda for «nedslåande».

– Det er veldig overraskande og skuffande. Me har heile tida etterlyst nye oppgåver til fylkeskommunane i regionsreforma – for å bruke fylkeskommunane som eit meir aktivt verktøy. Regjeringa har flagga at dei største oppgåvene skulle komme innan kulturfeltet, og når det no floppar so totalt er det ikkje til å tru at det skjer.

Han meiner Fylkeskommunen ville vore ein god støttespelar for kulturinstitusjonane.

– I dag ser me dessverre at hovudstadsinstitusjonane har det betre enn institusjonar i resten av landet. Kulturen har sin regionale eigenart, og kan ikkje bli straumlinjeforma som ein sjukehusoperasjon.

– Har du forståing for at dei ulike kulturinstitusjonane var redde for å forsvinne inn i fylkeskommunale budsjett?

– Det forstår eg. Me har likevel hatt gode møter med heile kulturlivet, både profesjonelle og frivillige, for å fremje korleis fylkeskommunen er ein venn oppe i dette.

Takkar kulturministeren

Charlotte Spurkeland, dagleg leiar i Kultur Vest, er blant dei som gler seg over at regjeringa skrinlegg kulturdelen av regionreforma.

– Eg trur me må takke kulturministeren for at han har lytta til kulturfeltet. Det er godt å sjå at saklege argument kan nå gjennom.

– På kva måte er det betre at staten held fram med ansvaret?

– Sektoren slepp med dette å frykte kutt og tronge fylkeskommunale budsjett. Særleg i desse dagar, der kulturlivet står ovanfor store utfordringar som følgje av koronakrisa. Det kan ta lang tid å vere attende i ein normalsituasjon, og då er det viktig å kunne konsentrere seg om det ein skal drive med, som er å skape kunst, kultur og publikumsopplevingar, og sleppe å bekymre seg for kva det vil bety med ei regionreform og endra rammevilkår.

Charlotte Spurkeland, Bergen H

LETTA: Eg trur me må takke kulturministeren for at han har lytta til kulturfeltet, seier Charlotte Spurkeland.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK