Hopp til innhold

Her får Maria oppfylt draumen om å skøyte til breen

På perfekte, blanke isflater fekk Maria Lindqvist oppleve draumen ho hadde hatt i fleire år – å skøyte seg heile vegen til Austdalsbreen i Jostedalen.

FANTASTISK OPPLEVING: Første gong ho prøvde, nådde ikkje Maria Lindqvist heilt fram til Austdalsbreen. Det gjorde ho denne gong, saman med sambuaren Lars Petterson. Musikk: Tundra frå Urørt på NRK P3.

I snart ti år har Maria Lindqvist frå Göteborg hatt ein lidenskap for turskøyting. For fire år sidan tok ho skeisene fatt over Styggevatnet i Jostedalen. Den gong var isen for sprø til at ho kunne gå heilt fram til Austdalsbreen, men for nokre veker sidan gjekk draumen i oppfylling for henne og sambuaren Lars Pettersson.

– I sommar tenkte vi at vi kanskje kunne gå til breen. Den gong kjendest det nesten umogleg, så det var fantastisk at det skjedde, seier ho.

– Å gå på blank is mellom fjella var heilt fantastisk.

Forelska i området

Ho og sambuaren Lars Petterson forelska seg i naturen i Jostedalen første gong dei var der. Å endeleg kunne skøyte heilt fram til breen var difor ei stor oppleving.

– Det var «omtumlande», samtidig som vi kjende på ei stor respekt for den store breen. Då vi padla der i sommar, kalva breen. Vi såg nøye etter teikn frå breen, fortel Lindqvist.

Ho seier mykje må klaffe for å få optimale skøyteforhold. Ho og sambuaren studerer webkamera, vêrprognosar og vêrhistorikk for å finne fram til dei perfekte, blanke isflatene.

Før turen over Styggevatnet hadde dei sett på satellittbilete og kontakta kjenningar i Jostedalen.

Lindqvist understrekar at kunnskap om isen og naturen er avgjerande når ein driv med turskøyting.

– Kunnskap er avgjerande når ein går på is. Ein skal ha stor respekt, for isen legg seg aldri heilt – det finst alltid svake parti i isen, seier ho.

– Store moglegheiter i Noreg

Lindqvist meiner Noreg har store moglegheiter innanfor turskøyting. Ho seier aktiviteten rommar alt frå familieturar med barna, til eventyrturar som den dei sjølve opplevde på Styggevatnet.

– Vi oppdaga Noreg som skøyteland for fire år sidan. Det som er så spennande med Noreg om vinteren, er at her er mange fantastiske plassar med vatn ein kan gå på, seier ho.

Ho trur turskøyting vil vekse som aktivitet også her til lands. Det finst ei eiga nordisk foreining for turskøyting, og ho seier fleire nordmenn har blitt medlem der.

Lars Pettersson på Styggevatnet

ALLTID PÅ JAKT: Maria Lindqvist og sambuar Lars Pettersson er alltid på jakt etter perfekt, blanke isflater. Det fekk dei på Styggevatnet.

Foto: PRIVAT

– Nordmenn er meir vande til å vere ute om vinteren, og vil kunne ta dette til seg veldig fort, seier Lindqvist.

Har fått ny skøytegruppe

Den Norske Turistforening (DNT) har nyleg fått ei ny turskøytegruppe i Bergen, og har også ei aktiv turskøytegruppe på Austlandet. Gruppa i Bergen arrangerer fleire tryggleikskurs før jul, noko kommunikasjonssjef i DNT, Mette Habberstad, tek som eit godt teikn på auka interesse.

– Det er elles vanskeleg å seie om interessa har auka. Men vi merkar at ho veks når snøen lèt vente på seg, seier Habberstad.

– Det har jo også begynt å kome meir og rimelegare utstyr, og det bidreg jo òg, seier ho.

Turskøyting krev ikkje mykje utstyr, men desto viktigare er det at ein har kunnskap om isen ein går på, påpeiker Habberstad.

Vil tilbake

Lindqvist og Petterson kan tenke seg å reise tilbake til Jostedalen og Vestlandet.

– Det er ei sagaverd, heilt enkelt, seier ho.

Dei vil også tilbake til Styggevatnet, og kan tenke seg å oppleve området i ulike årstider. Men turen dei hadde denne novembermånaden, har dei uansett med seg.

– Denne turen tek ikkje slutt, den vil vi ha med oss heile livet.