Hopp til innhold

Her får incestoffer hjelp etter overgrep. Tilbodet er langt frå like godt andre plassar

Det er store forskjellar på kva tilbod dei 22 ulike sentra for incestoffer i landet har. Mange plassar må overgrepsoffer reise svært langt for hjelp, viser ny rapport.

Lillian Skjevik

FORBILDE-SENTER: Lillian Skjevik som er tilsett ved senter for incest og seksuelle overgrep i Hordaland.

Foto: Christian Lura / NRK

Forskarar anbefaler no full statleg finansiering av dei ulike sentra for incestoffer rundt om i landet, for å sikre eit meir likt tilbod i heile landet.

Onsdag vart ein ny rapport om incestsentera i Noreg presentert. Den er laga av forskarar frå Nova ved Høgskolen i Oslo og Akershus, der forskarar har evaluert tilbodet som dei 22 sentera i landet gir.

– Vår studie viser at det er eit godt viktig tilbod for veldig mange, men det er forskjellar på dei ulike sentera, seier Ingrid Smette, som er forskar ved Nova og har leia arbeidet med rapporten.

Vil ha fleire utekontor

Senter for incest og seksuelle overgrep i Hordaland (Smiso), som i år er 20 år, vert trekt fram som eit av dei beste i klassen. Nova meiner andre kan lære mykje frå eit enkelt tiltak her:

Ingrid Smette

RAPPORT: Ingrid Smette er forskar ved Nova og har leia arbeidet med rapporten.

Foto: StudioVest/HiOA

– Staten bør vurdere å støtte noko som ein del av sentera på Vestlandet allereie har gjort, nemleg å etablere det dei kallar for satellittar. Dette er utekontor nokre dagar i månaden i ein annan tettstad i fylket, seier Smette.

Dette tilbodet gjer at reiseavstanden til brukarane blir mykje mindre, og det blir eit betre tilbod spreidd utover regionen.

– Vi har god erfaring, og det er mange som tar kontakt med oss på utekontoret på Stord. Vi er tre tilsette som reiser dit annankvar veke, seier Lillian Skjevik ved Smiso.

bilder fra Senter mot incest og seksuelle overgrep (SMISO) i Bergen

GODT MILJØ: Dei tilsette har ofte felles lunsj ved senteret i Bergen. – Humor og prat er viktig for å gjennomarbeide det tøffe ved jobben, seier ein av dei 18 tilsette til NRK.

Foto: Christian Lura / NRK

Vil sende heile rekninga til staten

Men ikkje alle får like god oppfølging som overgrepsoffera i Hordaland. I andre delar av landet, spesielt i nord og i indre delar av Sør-Norge, er det langt mellom hjelpekontora.

Difor meiner Nova at staten bør vurdere å fullfinansiere støttesentera. I dag må sentera skaffe 20 prosent av inntektene sjølv.

– Vi ser at ordninga i dag gjer sentera veldig ulike. Nokre er veldig små med berre eit par årsverk, medan andre er store. Det handlar i dag om kor mykje støtte sentera klarar å mobilisere lokalt, seier Smette.

– Både statleg finansiering, ei minimumsbemanning og det å støtte utekontor kan vere gode tiltak for å gjere tilboda meir like og tilgjengelege i heile landet, legg Smette til.

No ligg rapporten på bordet til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

– Hovudkonklusjonen i rapporten om at sentera bør bestå kan vi allereie stille oss bak. Når det gjeld dei andre anbefalingane som kjem i rapporten, så må vi bruke litt tid på å gjennomgå dei og gjere ei skikkeleg vurdering, seier Tove Bruusgaard, seksjonssjef i Bufdir.