Bufetat treng fleire som Heidi og Sigurd

Det er stort behov for fosterheimsplassar. I Viksdalen angrar ikkje Heidi Vallestad og Sigurd Årskaug at dei har teke til seg to fosterborn.

Det er stort behov for fosterheimar både i Sogn og Fjordane og i Hordaland. Vi skal møte ein familie i Viksdalen som er fosterfmilie.Dei har teke til seg to ungar og har sjølv tre.

SJÅ TV-SAK: Heidi Vallestad og Sigurd Årskaug i Viksdalen angrar ikkje på at dei har teke på seg ansvaret med å vere fosterforeldre.

I Hordaland og Sogn og Fjordane er det behov for 215 fleire heimar som kan ta imot eit barn som ikkje har hatt det så godt i oppveksten.

I Gaular Heidi Vallestad og Sigurd Årskaug teke på seg den rolla.

– Det er kanskje mange som tenkjer at dei kunne gjort det, men så er det ein terskel å gjere det. Vi angrar ikkje på at vi stilte, seier Vallestad.

Snakka lenge om det

Familien har fem born frå før. Av desse har to flytta ut. No har dei teke inn to fosterborn i sin eigen familie, for å gje dei eit betre liv og ein god heim å vekse opp.

– Vi hadde snakka om det lenge, og då vi hoppa i det vart det både kjekt og greitt. Det er mykje å jobbe med og alle skal finne sin plass i høve til kvarandre. Det er utfordrande, men det er også litt av det som er kjekt, seier Vallestad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Heidi Vallestad og Sigurd Årskaug

GLADE: Heidi Vallestad og Sigurd Årskaug er glade for at dei tok på seg ansvaret det er å vere fosterforeldre.

Foto: Steinar Lote / NRK

Hos familien på i Viksdalen kan borna i tillegg få nærkontakt med dyra på garden og fiske i elva som sildrar forbi. Om vinteren er det skibakken i nærleiken som dei kan boltre seg med.

Var ein prosess

For Vallestad og Årskaug var det ein prosess å bli fosterheimsfamilie.

– Det er ikkje berre å kaste seg rundt og ti det. Det må vere gjennomtenkt og ein må reflektere gjennom ulike sider. Ein veit jo ikkje kven ein får, kva dei har med seg. Det er jo litt skummelt, seier ho.

– Kor utfordrande er det å vere fosterforeldre?

– Ein må vere viljug til å dele av seg sjølv og dele familien. Ein må vere villig til å opne opp og samarbeide med fleire instansar, og ein må sleppe fleire ganske tett innpå seg. Det er slik ein innstiller seg på, så det går fint.

– Ein terskel

Den kjensla er det mange som sit med, seier Rita Tonning ved Barne-, ungdoms- og familieetaten, forkorta Bufetat Region Vest. For det er ein terskel frå å tenkje, til å faktisk bli ein fosterheim.

Difor er ho veldig glad for at familien i Viksdalen fortel om sine gode opplevingar. Ho håpar det gjer at fleire tek kontakt for meir informasjon.

– Vi trur nok ikkje at folk i fylket ikkje vet eller ser at barn og unge treng fosterheimar. Men dei er nok ikkje så sikre på at det er dei vi ser etter. Difor viktig og nyttig at folk står fram og fortel korleis dei vart fosterheim, seier Tonning.

Behov for 1.000 heimar

For behovet for fosterheimar er veksande. Vestlandsrevyen fortalde måndag kveld om rusavhengige Sissel Venge som vart fråteken sine to born . Den gong vart ho rasande, men har endra syn i dag.

– Eg hadde nok ikkje levd i dag dersom Barnevernet ikkje hadde gripe inn, sier ho til NRK. Og det er mange born som har ein vanskeleg oppvekst.

Så langt i år har Bufetat Region Vest plassert like mange born, og vel så det, som i 2012. På landsplan er det behov for 1.000 fosterheimar.

– Per i dag jobbar vi med 12 søknader om fosterheim. Det har vore stor auke i tal plasseringar, så vi må skaffe nye fosterheimar til dei søknadene som vi arbeider med no og i tida framover, fortel Tonning.

Ulike familiar

Rita Tonning

RÅDGJEVAR: Rita Tonning i Bufetat Region Vest.

Foto: Bård Siem / NRK

Medan jakta på fosterheimar held fram, bur mange born heime, i institusjon eller beredskapsheim i påvente av å få flytte til ein familie.

– Kva familiar er de på jakt etter? Er det kjernefamilien?

– Det er ulikt. Vi har barnerike familiar, familiar der borna er vaksne og byrja å flytte ut, vi har einslege, vi har likekjønna. Det er veldig mange ulike familiar som gjer ein kjempejobb. Det viktigaste er at dei er genuint glad i barn, og har tid, engasjement og overskot til å ta imot eit ekstra barn, seier Tonning.

Ville vere «nokon»

Bufetat annonserer jamleg etter fosterfamiliar. No har dei ein kampanje retta mot familiar med helse- og sosialfagleg bakgrunn.

I Viksdalen kjende Vallestad og Årskaug seg lokka.

– Det er jo eit stort behov, og vi tenkte kvifor kan ikkje vi hjelpe? Det er mange som tenkjer det, men vi valde å vere «nokon». Vi meiner vi kan gjere ein god jobb og ynskjer å hjelpe, avsluttar Vallestad.