Hopp til innhold

Her får du det beste påskevêret

Det blir ei grå og stormfull påske fleire stadar i Noreg, men det er likevel ein klar vêrvinnar som får både sol og vårstemning.

Selbuskogen

TELTTUR: Nokre kan gle seg over sol i påska, og då kan ein telttur i nærområdet vere noko som står for tur.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Påskefreden er i ferd med å senke seg, men det blir langt frå roleg i nord.

– Det blåser godt i Nord-Noreg. Vi har sendt ut eit oransje farevarsel for kraftige vindkast i Ofoten, Lofoten og Vesterålen, medan det er gult farevarsel for Salten og Sør-Troms, seier statsmeteorolog Charalampos Sarchosidis.

Meteorologen kjem likevel med eit lyspunkt.

– Eg kan trøyste med at det vert rolegare dei neste dagane, seier Sarchosidis.

Alle som er leie av snømåking må smørje seg med tolmod, for nok ein gong kjem det påfyll av snø.

– Eg må skuffe dei som bur frå Midt-Noreg og nordover som er leie av snøen. Det blir regn- og snøbyer fram til måndag, men det er håp om at sola kan skine mellom byene.

Laster Twitter-innhold

Årets vêrvinnar i påska er....

Blir det inne- eller utepåske i nærområdet i år? Det er eit spørsmål mange stiller seg når hytteturar og reiseplanar er lagt på is.

Medan folk lengst nord må halde godt på hatten og finne fram snøskuffa, så kan folk i sør sjå fram til ein noko meir roleg vêrtype.

– Det blir ikkje så verst i Sør-Noreg, som heilt klart får det beste påskevêret, men det kan kome nedbør i helga, seier statsmeteorolog Charalampos Sarchosidis.

Laurdag og sundag blir stort sett grå over heile Noreg, men sett vekk frå helga kan meteorologen kåre ein vêrvinnar.

– Det er nok Sør-Noreg som får det beste vêret i påska, seier Sarchosidis.

Det er spesielt dei i aust som kan gle seg over ei påske av det meir vårlege slaget.

– Heile austanfjells får sol dei neste dagane. På laurdag og sundag blir det grått, men det vert framleis tosifra temperaturar, seier Sarchosidis.

Laster Twitter-innhold

Fjellvett og koronavett

Årets påske blir annleis for mange på grunn av koronaviruset. Fint vêr kan lokke mange ut på ein skitur, men Hovudredningssentralen ber folk om å droppe toppturane

I Røde Kors er påskeberedskapen lagt opp til at fleire er heime.

– Vi flyttar deler av beredskapen til folk sine nærområde, seier Margrethe Skåden, som er operativ leiar i Sogn og Fjordane Røde Korps Hjelpekorps.

På 150 Røde Kors-hytter over heile landet har det vore hjelpekorp på plass gjennom heile påska. I år vert dette avgrensa til 20 hytter.

– Viss alle har både fjellvettreglane og koronavettreglane langt framme i bevisstheita, håpar vi at mange kjem seg ut i naturen og nyt påskeveka i den fantastiske naturen vår, seier Skåden.

Skarvatnet på Oppdal

SOL OG BLÅ HIMMEL: Det beste påskevêret kjem austanfjells.

Foto: Gorm Kallestad / NTB