Hopp til innhold

Her får du 50.000 kroner om du får barn på «rett» adresse

Stryn kommune vil bruke over ein million kroner på å lokke folk til å få barn i bygda.

Silje Skarstein

VELKOMEN TIL STRYN: Silje Skarstein (Sp) la fram forslaget saman med ordførar Sven Flo (Høgre).

Foto: Roy Aron Myklebust / Fjordingen

«Der tomtekjøpar får eitt eller fleire barn innan fem år frå formell innflytting, vil Stryn kommune utbetale ein eingongssum på 50.000 kroner.»

Slik heiter det i det noko utradisjonelle vedtaket som nyleg blei gjort i Stryn kommunestyre. Fjordingen omtala saka først.

– Stryn har hatt litt nedgang i folketalet, så det hadde vore kjekt å skape litt blest om oss. No får kanskje folk augo opp for at Stryn er ein fin kommune, seier Silje Skarstein, senterpartipolitikar.

Vedtaksteksten er tydeleg, men lat oss skremme vekk dei verste spekulantane med ein gong:

– Det er ikkje 50.000 kroner per barn, sant?

– Ikkje per barn, nei, seier Skarstein og ler.

Kommunen vedtok ikkje berre å tilby pengar ved barnefødsel, men også å setje ned tomteprisane i dei fire kommunale bustadfelta vedtaket gjeld for: Naustbakkane, Sagehaugen II, Steinset og Utvik.

Har vore på utkikk

Det er ikkje mange dagane sidan vedtaket blei gjort, men kommunen har alt fått tilslag på tomter i feltet i Naustbakkane i Olden.

Andreas Briksdal (36) og familien leiger bustad i Olden, og har lenge ønskt noko eige. Men husa der var gjerne gamle eller dyre, og tomteprisane for høge. Briksdal kontakta kommunepolitikarar i Stryn for å få noko til å skje.

Familien har no meldt interesse for tomt i Naustbakkane, og kjem til å kjøpe når dei nye prisane blir sleppte. Han reknar med at dei får kring 100.000 kroner i redusert pris etter det kommunale vedtaket. For han og familien var det avgjerande.

– Vi hadde vurdert fram og tilbake lenge, men då bestemte vi oss for å hoppe i det, seier han.

Briksdal og sambuaren er etablert med to barn frå før, så dei 50.000 kronene for eventuelle nye barn spelte lita rolle.

– Det var ikkje det som avgjorde for oss, men det kan vere det for andre. Det er ein fin gimmick, ler han.

Nedgang i folketal

Og sjølv om Stryn har hatt ein stødig auke i folketalet dei siste ti åra, så har det sidan 2017 gått nedover, ifølge Statistisk sentralbyrå. Minus 23 personar i 2017. Minus 51 i 2018. Og minus 30 etter første kvartal i år.

Ordføraren vil snu denne trenden.

– Skal vi få levert gode tenester i åra framover, er vi avhengig av det. Det å få barnetalet opp er så viktig, at å bruke pengar på det er ei investering for framtida, seier Sven Flo (H).

Stryn er ikkje aleine om å ha friske idear for å få folketalsutvikling, både i nye Sunnfjord og Stad kommune har dei lova gratis barnehageplass til det førstefødde barnet i nykommunane

Potensiell millioninvestering

Det er totalt 28 tomter vedtaket gjeld for. Dermed kan Stryn kome til å måtte betale potensielt 1.400.000 kroner berre på grunn av barnefødslar i tida framover.

– Ein får jo igjen i andre enden uansett korleis du ser på det. Me treng folk for å drive ein kommune. Så dette er vinn-vinn for alle, seier Silje Skarstein.

Sven Flo

GOD INVESTERING: Stryn-ordførar Sven Flo (H) meiner ei utbetaling til dei som får barn i bustadfelta i Stryn, er ei investering for framtida og god bruk av kommunale midlar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Sven Flo seier dei har store forhåpningar til at tiltaket blir teke godt imot.

– Vi trudde ikkje det ville bli eit renn frå dag éin, men vi trur det er med å på å stimulere til at nokon tek steget og at det får positive ringverknader, seier ordføraren.

– Blir dette vellukka, har vi fleire stader der vi kjem til å vurdere dette.