Hopp til innhold

Her får dei klarsignalet dei har venta på i sju år

TERDALEN, FLORA (NRK): Sidan 2009 har småkraftverk etter småkraftverk blitt sett på vent fordi straumnettet ikkje har hatt kapasitet.

Sprengd linjekapasitet har hindra 76 nye småkraftverk i Sogn og Fjordane - som har konsensjon - sidan 2009.

SJÅ TV-REPORTASJE: Vestlandsrevyen har vore i Flora og møtt utbyggarane som drøymer om sitt eige krafteventyr i veglause Terdalen.

– No står vi ved Storeelva, den som skal byggast ut, fortel Jan Terje Nord og peikar oppetter lia.

Han og dei andre grunneigarane, Arthur Nord og Leif Saga, har i 11 år jobba med å få realisert sitt eige småkraftverk i den veglause grenda Terdalen. No ser dei endeleg lyset i tunnelen.

– Vi skulle starte opp i 2009, men i april same år fekk vi stoppordre. Vi fekk ikkje levere straum. Sidan har vi venta, fortel Nord.

Måtte vente på gigantlinja

Småkraftutbyggarane har venta på er at nye kraftlinjer, med betre kapasitet, skulle komme på plass. No står den der, den nye 420 kV linja som når den er heilt ferdig skal strekkje seg frå Fardal i Sogndal til Ørskog på Møre

Martha Hagerup Nilson

GIR KLARSIGNAL: Kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson i Statnett.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Fordi at vi har bygt ferdig ein så stor del av Ørskog-Fardal-leidningen, kan småkraftprodusentane no få kople seg til nettet. Dette betyr at alle småkraftverk som har stått på vent sidan 2009, endeleg kan bli realisert, forklarer kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson i Statnett.

Den har møtt motstand fleire stader, og sjølv om ikkje heile linja frå Sogn til Møre står klar til bruk, garanterer ho at det i alle fall frå deira side ikkje lenger finst noko hinder.

– No er kapasiteten i nettet så god, at det ikkje er ein stoppar, lovar Nilson.

Startar å bygge tilknytingsnett

Men det har vore bomstopp – lenge. I påvente av gigantlinja har mange måtte vente, slik som grunneigarane i Terdalen.

Kraftlinja Fardal - Ørskog

LINJA: Den nye store kraftlinja langs nordvestlandet har skapt reaksjonar lokalt fleire stader, ikkje minst i Myklebustdalen i Bremanger. Men for nye småkraftprodusentar er det ein etterlengta døropnar.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– 76 kraftverk har fått konsesjon frå NVE, men står på vent for å få bygge. Mange har venta veldig lenge, og med heilt open ende. Ein laga ein stopp i 2009 som har blitt forlenga og forlenga, seier divisjonssjef Atle Isaksen i Sogn og Fjordane Energi (SFE).

Han er letta over at dei omsider kan starte arbeidet med å få kopla nye aktørar på straumnettet.

– No har det gått sju år, og endeleg er vi klare til å knyte på nye kraftverk, konstaterer Isaksen.

For SFE blir utfordringa å bygge nytt nett lokalt, for å kunne knyte dei nye kraftverka til det som er kraftlinjene sin nye riksveg.

– Vi har jobba med det undervegs, men no gir vi full gass, lovar Isaksen.

Terdalen i Flora

MILLIONINVESTERING: I vesle veglause Terdalen vil grunneigarane bygge småkraftverk til 40 millionar kroner.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Satsar 40 mill.

Dermed ligg alt til rette for utbygging også hos Jan Terje Nord og kompanjongane i Terdalen. Grunneigarane leiger ut fallrettane til eit selskap som vil investere om lag 40 millionar kroner i kraftproduksjonen.

– Kraftstasjonen vil bli bygd borti fjæra her. Den vil produsere 10 GWh, noko som tilsvararar det årlege straumforbruket til 500 husstandar, forklarer småkraftgründeren og legg til:

– Det er jo inntekt til garden. Det blir bra, smiler grunneigaren!

Terdalen i Flora