Tusenvis av lynnedslag over Sør-Noreg – politiet ber folk komme seg ned frå fjellet

På ein liten time kom det over 3000 lynnedslag i Sør-Noreg. Meteorologen rådar folk om å halde seg innandørs og politiet vil ha folk ned frå fjellet.

Lynnedslag Hafslo og lynradar

KRAFTIGE LYN: Hafslo i Luster er ein av mange stader som har opplevd lynnedslag søndag. Dei siste timane har det kome fleire tusen lynnedslag i Sør-Noreg.

Foto: 03030-tipser og Meteorologisk institutt

SISTE: To personar har omkomme etter lynnedslag på fjellet i Møre og Romsdal. Ein tredje person skal vere hardt skada og frakta til Ålesund sjukehus. Pårørande er orientert og varetatt av politiet.

Politiet ber folk komme seg ned frå fjellet.

Knallvêret i Sør-Noreg er over for denne gang. No varslar meteorologane om eit vêrskifte.

Frå søndag ettermiddag og utover måndagen, er det gult farevarsel om kraftige regnbyer, styrtregn, lyn og tore i Sogn og Fjordane, Hordaland, Møre og Romsdal, Telemark, Buskerud og Agder.

Mange har nok allereie lagt merke til fleire lyn- og toreveret. I Sør-Noreg har det frå klokka 13.00 til 14.00 kome over 3000 lynnedslag.

Dei siste seks timane er faktisk talet på over 13.000, viser lynradaren til Meteorologisk institutt.

– Det er viktig at folk er informert, for det skjer ikkje så ofte at det er så mykje lynaktivitet, seier meteorolog Susanne Reuder til NRK.

NB: Innsenderbilde fra Hafslo

LYN I HAFSLO: Orrestad melder om skiftande vêr i Hafslo. I augeblikket er det fint.

Foto: Ole Johan Orrestad

– Hald dykk innandørs

Ho har nokre anbefalingar til dei som oppheld seg i dei vêrutsette stadane i ettermiddag og utover kvelden.

– Det er viktig at folk held seg innandørs og koplar frå elektrisk apparatur. Det er også viktig at ein unngår store sletter og store tre. Ikkje svømme eller bade. Det er også viktig at ein følger med på køyreforholda.

I Møre og Romsdal har politiet fått fleire meldingar om nødstilte folk på fjellet. Dei ber alle som er på fjelltur i fylket om å komme seg ned frå fjellet og i tryggleik før det kraftige tordenvêret og regnet kjem.

– Politiet i Møre og Romsdal har fleire redningsaksjonar der folk trenger hjelp til å komme seg ned frå fjellet. Vi ber om at folk ikkje beveger seg i fjellet no, og søker ly i terrenget, seier Borge Amdam i politiet.

Laster Twitter-innhold

Det har vore redningsaksjonar på Sukkertoppen i Ålesund, på Hareid og i Volda på Sunnmøre.

– Det siste døgnet har vi hatt 24 aksjonar. Det har vore veldig mykje i dag og vi har nok med å handtere alle oppdraga, seier Ståle Jamtli, redningsinspektør ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg.

Søndag er det meldt om to terrengbrannar som følge av lynnedslag. Eitt på Hafslo i Luster og eitt i Eikefjord i Kinn kommune.

Lynnedslag i Førde, Sunnfjord

LYN: I Førde i Sunnfjord var det fleire lynnedslag i ein periode.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Åtvarar mot styrtregnet

Meteorologane er ikkje sikre på kvar uvêret med lyn og styrtregnet tek turen, eller kor mykje som kjem.

Men det vil vera store lokale variasjonar fram til farevarselet er over klokka 21.00 i kveld. Også politiet åtvarar mot vêret.

«Er meldt mykje regn/byger med styrtregn i distriktet vårt utover ettermiddag/kveld, særleg nord for Bergen og i Sogn og Fjordane. Store lokale variasjonar. Ver obs på overvatn og vannplaning, tilpass farten etter forholda!», skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Frå måndag av er det venta kraftige regnbyer i Telemark, Buskerud og deler av Agder. Gult farevarsel er sendt ut.

Endring i prognosar

Yr.no meldte om styrtregn, lyn og torevêr før helga.

Trass i ein liten endring i prognosane, er det framleis venta kraftige regnbyer og mykje lyn i områda Nordhordland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

– Det kan komme kraftige lokale regnbyer på over 15 millimeter søndag kveld. Og vêret kan endre seg raskt, understrekar Reuder.

Det er fleire konsekvensar av torevêr og styrtregn:

  • Torevêret kan føre med seg lokalt kraftige vindkast, og det blir auka fare for skade på objekt (er) som følge av lynnedslag.
  • Straumforsyninga og TV/internett kan bli påverka.
  • Lynnedslag kan føre til brann i bygningar og skog/vegetasjon.
  • Styrtregn kan føre til overvann i tettbygde område, lokale overfløymingar, bekke- og elvelaupsendringar, jord- og flaumskred der regnbyene treffer.
  • Uveret kan også endre køyreforholda. Det blir auka fare for stengde vegar og lokalt vanskelege køyreforhold grunna overvann og fare for vassplaning. Ein kan sjekke vegmeldingar på 175.no.