Hopp til innhold

Her er ulven dei har jakta på i to år

Førre helg såg jaktlaget ulven to gongar, men bomma på begge forsøka. I går kveld fanga dei den på viltkamera.

Ulv i Hyllestad

ULV: Her er bilete som viser at ulven er i området i Hyllestad nesten ei veke etter at den blei skutt på to gonger.

Foto: SNO-rovviltseksjonen

Etter at lisensjegerane trefte på og bomma på ulven to gonger førre helg, sette Statens naturoppsyn sat opp viltkamera i same område. I går kveld vart det treff på eit av kameraene.

– Eg har forstått at det er ein liten sensasjon, seier Rein Arne Golf, regionalt rovvilansvarleg i Statens naturoppsyn om at dei lukkast å fange ulven på bilete.

Ulven ser til å halde seg i området mellom kommunane Fjaler og Hyllestad.

– Det er vanskeleg å seie noko om størrelsen, men det ser ut som ein normal ulv.

Til sommaren er det to år sidan ulven starta å herje i Naustdal. Sidan har den truleg flytta seg sørover til eit område mellom kommunane Fjaler og Hyllestad.

Sau tatt av ulv i Hyllestad

SAU: I mai tok ulven denne sauen i Hyllestad. I vinter er det truleg hjort som er hovudretten for rovdyret.

Foto: Sverre Sæten / Statens Naturoppsyn

Truleg berre ein ulv

Sidan 1. desember har det vore lisensjakt på ulven som i ei lang tid har herja i områda. Den jakta held fram til 31. mai.

Førre helg kunne leiar for jegerane, Stein Mortensbakke, fortelje at det var snøen som gjorde at dei klarte å spore opp ulven.

Statens naturoppsyn seier at det ikkje er aktuelt å gjere noko meir for å ta ulven, sjølv om dei på ei veke har to observasjonar og bilete av ulven.

– Nei, det er ikkje det frå vår side, seier Golf.

Det blir framleis jakt framover, noko lisensjegerar utfører. Statens naturoppsyn si oppgåve er å følgje opp at alt skjer etter det regelverket som er.

Golf seier dei no jobbar med å kartlegge kvar ulven flyttar seg, samt om det er fleire enn ein ulv.

– Vi har ingen grunn til å tru det, men vi har fått spørsmål frå dei som bur i området som vi følgjer opp, seier Golf.

Ulv observert