Aukande skredfare i fjellet - men Fjellsportfestivalen set tryggleiken i høgsetet

I fjella rundt Sogndal kom det ein del nysnø torsdag kveld. Det gjer at skredfaren aukar i ein del fjellsider. Men Fjellsportfestivalen gjer alt for at dei rundt 1000 skientusiastane skal ferdast trygt.

Created by InfoDispatcher

TRYGGLEIK FØRST: Fjellsportfestivalen legg stor vekt på at dei som kjøper festivalpass skal ferdast trygt. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke.

Dagleg leiar Magnus Aasheim i Fjellsportfestivalen forsikrar at dei tenkjer tryggleik først og sist, ja heile tida.

– Tryggleiken er kjempeviktig, vi sender folk ut på aktivitetar som det er ein del risiko med, og det tek vi veldig seriøst.

– Kva slags kontroll har de med dei som legg ut på tur?

– Dei som er med på gaida turar har signert eigenerklæringar der det står at tryggleiken er fullt og heilt deira eige ansvar. Er dei med tinderettleiarar så vil desse leie dei i så trygge område som råd. Dei som går på eiga hand har ansvaret for sin eigen tryggleik.

– Det betyr at Fjellsportfestivalen ikkje kan risikere å måtte stå økonomisk ansvarleg dersom det skulle skje ei ulukke?

Nei, det kan vi ikkje.

Til no har Fjellsportfestivalen unngått alvorlege ulukker, og det forsikrar Aasheim om at dei gjer alt dei kan for at dei kan halde fram med.

(Artikkelen held fram under biletet).

Magnus Aasheim

TRYGGLEIK FØRST: Dagleg leiar Magnus Aasheim i Fjellsportfestivalen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Grundig informasjon

Kvar kveld blir deltakarane informerte om korleis tilhøva endrar seg i fjellet, både når det gjeld vêr og skredfare, fortel Aasheim.

– I går vart det meldt skredfare 3, altså betydeleg skredfare, vi har skredvarsel og vêrmelding på fjellsportkveldane, kvar kveld, slik at alle deltakarane får sjå kva som er meldt for dagen etter. Det er ein representant frå NVE som informerer om det.

– Blir det då sagt at folk bør unngå det og det området?

– Det blir sagt at folk bør unngå ulike kategoriar område som leområde, og at dei bør vere obs på korleis vinden bles.

(Artikkelen held fram under videoen).

Created by InfoDispatcher

NVE INFORMERER: Denne videoen vart vist for deltakarane på Fjellsportfestivalen torsdag kveld. Det er Birgit Rustad frå NVE som informerer. Foto/redigering: Håvard Nesbø.

Frikøyringa vart avlyst

Eit døme på at tryggleiken går føre alt, er at rennleiinga ikkje nølte med å avlyse Sogndal Frikøyring frå Sogndalseggi då vêrtilhøva forverra seg etter starten torsdag. Trasig, men nødvendig, seier Aasheim.

– Det var ei vurdering som tryggleikskoordinatoren og rennleiinga gjorde, og det er ein jobb vi har tilsett dei for å gjere, og eg stolar fullt og heilt på at den vurderinga var rett.

Ein del av deltakarane er misnøgde med avlysinga, seier festivalleiaren.

– Dei kjem hit for å konkurrere, mange langvegs frå, og dei har betalt for å delta, men dei er veldig klare over at det er risiko for avlysing.

(Artikkelen held fram under biletet).

Marianne Stanghelle (t.v.) og Marte Frikstad

FEKK KØYRE: Marianne Stanghelle (t.v.) og Marte Frikstad var start nummer 1 og 2 i Sogndal Frikøyring. Dei fekk køyre, men seinare vart rennet avlyst på grunn av dårlegare vêr.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Nær 1000 festivalpass

Fredag var det selt nær 1000 festivalpass. Det betyr at det er mange som er på tur opp og ned fjellsidene rundt Sogndal desse dagane. Mange av dei er svært røynde toppturfolk, men festivalleiar Magnus Aasheim er klar over at det også er folk med lite røynsle som går på toppturar.

– Det er stort sprik, dei som har minst erfaring er dei som er med tinderettleiarar på tur, dei som har mest erfaring og som kjenner området går gjerne på eiga hand eller med nokon som kjenner området.

Fram mot helga er det meldt om litt meir snø, så dei av deltakarane som er ute etter jomfrueleg puddersnø får det i rikt monn, seier Magnus Aasheim i Fjellsportfestivalen.