Hopp til innhold

Her er påskequizen for 30. mars

Freistar det med nokre påskenøtter attåt kaffien i solveggen? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein ny quiz resten av påska.

Påskequiz NRK Sogn og Fjordane 2018
Foto: Francois-Xavier, AFP/Solborg Fure/Støylen, NRK/Helle, NRK/Graham Guttormsen/Åsnes, NRK

Quizen vår er ei ganske lett blanding, der dei fleste spørsmåla er knytte til fylket vår.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar.

Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein heldig vinnar kvar dag. Vinnarane får eit NRK-krus med litt påskegodt i posten. Av alle som sender inn rett svar i løpet av påska plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Kva heiter det høgaste punktet på breen Jostefonni, som blir rekna som det høgaste punktet i Balestrand kommune?
  2. Sogneartisten Tone Damli har i vinter vore med i det populære TV-programmet Hver gang vi møtest. Damli har gitt ut seks album. Kva heiter det tredje?
  3. Den nye fylkesleiaren i Sogn og Fjordane KrF er frå Luster, men kva heiter vedkommande? Vi vil ha det siste etternamnet.
  4. Kven har nyleg teke over som rådmann i Høyanger? Vi vil ha førenamnet.
  5. Hornindal blir frå 2020 ein del av Møre og Romsdal fylke. Ifølgje folketala frå 2017, kor mange innbyggjarar mistar Sogn og Fjordane når Hornindal byter fylke? Skriv talet med bokstavar.
  6. Tidleg i januar gjekk det eit stort ras over fylkesveg 53 i Årdal. Ved kva tunnel gjekk raset?
  7. To av dei tre kyrkjene i Hyllestad har berre to bokstavar. Kva bokstav har dei til felles?
  8. Ein utøvar frå fylket var nominert til årets kvinnelege funksjonshemma idrettsutøvar under årets idrettsgala. Vi vil ha etternamnet hennar.
  9. Sven Flo og Jenny Følling hadde med ein tredjemann på vegopninga som markerte slutten for «Norges verste veg» mellom Olden og Innvik. Kven var det? Vi vil ha etternamnet.

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!