Hopp til innhold

Her er påskequizen for 29. mars 2018

Freistar det med nokre påskenøtter? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein ny quiz resten av påska.

Påskequiz NRK Sogn og Fjordane 2018
Foto: Francois-Xavier, AFP/Solborg Fure/Støylen, NRK/Helle, NRK/Graham Guttormsen/Åsnes, NRK

Quizen vår er ei ganske lett blanding, der dei fleste spørsmåla er knytte til fylket vår.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar.

Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein heldig vinnar kvar dag. Vinnarane får eit NRK-krus med litt påskegodt i posten. Av alle som sender inn rett svar i løpet av påska plukkar vi ut ein ekstra heldig vinnar som får ein DAB-radio.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Kva heiter fiskerigiganten som i vår investerer 80 millionar kroner ved anlegget sitt i Kalvåg?
  2. Bedrifta på Leikanger har brukt den høge bautaen Baldersteinen som inspirasjon til både namn og logo. Kva produkt er det dei produserer?
  3. Kvar i fylket ligg verftet som skal byggje fem nye el-ferjer for Fjord1?
  4. I areal er Vågsøy den minste kommunen i Sogn og Fjordane, men i folketal er den blant dei største. Ifølgje SSB sine tal - kor mange personar budde det i Vågsøy ved utgangen av fjoråret? Skriv talet med bokstavar.
  5. Ifølgje tal VG har henta inn, kven tener minst av statsminister Erna Solberg og administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden? Bruk førenamnet som svar.
  6. Kva heiter den populære svenske rapparen som skal spele på Utkantfestivalen i Skjerjehamn til sommaren?
  7. To kvinner frå to nabokommunar kjempa om det nest høgaste vervet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Frå kva kommune kjem kandidaten som tapte nestleiar-kampen?
  8. Kva er mellomnamnet til den einaste deltakaren frå Sogn og Fjordane i årets paralympics?
  9. I Sogn og Fjordane er Solund den kommunen med færrast innbyggjarar. Kva kommune i nabofylket vårt Hordaland er den minste målt i folketal?
  10. Førde sine volleyballdamer vann cupfinalen for første gong i år. Mot kva lag?
  11. Kva fjell er ifølgje Kartverket rekna som det høgaste i Fjaler kommune?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!