Hopp til innhold

Her er Norges finaste strand

Refviksanden i Vågsøy er Norges finaste badestrand.

Refviksanden

Med sine kring 1,5 kilometer, er sandstranda i Vågsøy kåra til Norges finaste.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det meiner iallefall lesarane som har delteke i avstemninga på nettstaden klikk.no.

Dei kvite sandbankane i Vågsøy fekk over halvparten av dei vel 5 000 stemmene i avrøystinga til nettstaden. Badestranda er om lag 1,5 kilometer lang og er eit ynda reisemål for badeglade.

Refviksanden vart i 1988 kåra til Norges finaste badestrand av Dagbladet og fekk tre år seinare tredjeplass hos den same avisa. Då kåra Nitimen og NRK Refviksanden til den nest finaste badestranda.

Brennviksanden i Nordland tok andreplassen, medan Orrestrand i Rogaland hamna på tredjeplass i den siste kåringa.