Her er krana som skal berge KNM «Helge Ingstad»

Kranbåten «Gulliver» kom i morgontimane søndag fram til Hanøytangen på Askøy. Kranbåten kan løfte 4000 tonn og skal delta i bergingsarbeidet med KNM «Helge Ingstad».

Kranbåt Gulliver

SKAL LØFTE FREGATTEN: Kranbåten «Gulliver» er eitt av fartøya som skal hjelpe til i bergingsarbeidet av KNM «Helge Ingstad».

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Natt til søndag segla kranbåten «Gulliver» inn mot norskekysten, og var framme ved Hanøytangen på Askøy utanfor Bergen tidleg om morgonen.

Kranbåten er eitt av fleire fartøy som skal brukast til å heve KNM «Helge Ingstad» som kolliderte med oljetankaren Sola TS ved Stureterminalen i Øygarden førre veke.

Kommunikasjonssjef i Sjøforsvaret, Torill Herland, bekreftar til NRK søndag morgon at «Gulliver» skal hjelpe til i bergingsarbeidet.

Kranbåten Gulliver er i Hjeltefjorden i forbindelse med redningsarbeidet.

PÅ PLASS: Kranbåten Gulliver er i Hjeltefjorden i forbindelse med redningsarbeidet.

Bergingsarbeid til veka

Sjøforsvaret kan også fortelje at ein tilsvarande kranlekter er venta i området tysdag.

Data frå MarineTraffic syner at kranbåten «Rambiz», som er søsterskipet til «Gulliver», er midt på Nordsjøen søndag. Sjøforsvaret har ikkje bekrefta at det er dette skipet det er snakk om.

Gulliver

KOM FRAM SØNDAG MORGON: Kranbåten «Gulliver» kom fram til Hanøytangen søndag morgon.

Foto: MarineTraffic / Skjermdump

Det ligg allereie ein lekter og ein taubåt som tilhøyrer Boa Management på Hanøytangen.

Det er dermed ikkje snakk om å få fregatten over på lekter før seinare til veka. Det er Boa Management som står for bergingsarbeidet saman med DNV GL.

Fregatten var sikra med ti vaierar fram til tysdag morgon. Då rauk fleire av vaierane.

Forsvaret viste mandag frem skadene på KNM Helge Ingstad.

Forsvaret viste måndag fram skadane på KNM Helge Ingstad.

Nesten heile KNM «Helge Ingstad» ligg no under vatn i fjøresteinane.

Kan løfte 4.000 tonn

Kranbåten «Gulliver» er eigd av selskapet Scaldis i Belgia, som overtok fartøyet i april i år. Toppfarten til fartøyet er sju knop, og kan løfte opp til 4000 tonn skriv Sysla.

HAN¯YTANGEN HANØYTANGEN

PÅ VEG TIL KAI: Kranbåten «Gulliver» kan løfte 4000 tonn.

Foto: MAGNE TURØY / Bergensavisen (BA)

Fregatten veg 5290 tonn, og er også fylt med vatn. Fleire fartøy må derfor hjelpe til for å heve KNM «Helge Ingstad».

KNM «Helge Ingstad» er i stor beveging søndag. Kommunikasjonssjef i Sjøforsvaret, Torill Herland, fortel at dei er bekymra for fartøyet.

– Vi er uroa. Vi jobbar kontinuerleg med sikringsarbeidet.

Sjøforsvaret melder at det blir pressekonferanse søndag klokka 17:00.

Ved hjelp av nedskalerte kopier av fregatten «Helge Ingstad» og tankskipet Sola TS, viser NRKs reporter Hallvard Sandberg hvordan han tror sammenstøtet skjedde.

Ved hjelp av nedskalerte kopiar av fregatten «Helge Ingstad» og tankskipet Sola TS, viser NRKs reporter Hallvard Sandberg korleis han trur samanstøyten skjedde.