Hopp til innhold

Her er skissene Vegvesenet ikkje vil at du får sjå: – Ei enorm kløft

Viss Hordfast skal byggjast, må fleire barnehagar og bedrifter rivast eller flyttast på Os. Det viser førebelse skisser som Vegvesenet meiner ikkje burde bli vist offentleg.

Skisser av Hordfast mellom Ulvenvatnet og Svegatjørn i Os. fergefri ferjefri E39 kyststamveg

FERJEFRI E39: Vegvesenet meiner desse teikningane av Hordfast-traséen ikkje burde bli vist offentleg. – Dette er veldig grove skisser. Offentleggjering skapar unødvendig uro, seier prosjektleiaren.

Illustrasjon: Statens vegvesen

– Firefelts motorveg mellom Bergen og Stavanger er ei feilaktig satsing for landet. Og her lokalt blir det ei enorm kløft gjennom vårt sentrale område for skule, barnehage og idrett.

Det meiner lokalpolitikar Nils-Anders Nøttseter frå Miljøpartiet dei grøne (MDG) i Bjørnafjorden kommunestyre. Han reagerer på både planane og hemmeleghaldet.

– Ein må riva og øydelegga i det mest sentrale oppvekst- og næringsmiljøet i kommunen.

Planen om den 55 kilometer lange motorvegen Hordfast sør for Bergen er nasjonalt kjend for ei rekordlang bru på over fem kilometer over Bjørnafjorden.

Forkjemparane vil byggja større bu- og arbeidsregionar, gi folk ein lettare kvardag og næringslivet betre vilkår, og knytte Vestlandet tettare saman.

Motstandarane vil unngå øydelegging av unik kystnatur, auka pendling og mangedobling av vegtrafikken.

Frå venstre: Nils-Anders Nøttseter (MDG) og Sverre Ottesen (Statens vegvesen).

STRID: Nils-Anders Nøttseter i MDG kallar motorvegplanen her «feilaktig». Prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen kallar utbygginga «vanskeleg».

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Skisser i skjul

I Bjørnafjorden kommunestyre er det Arbeiderparti-styrte fleirtalet mot Hordfast. Berre Høgre og Framstegspartiet er for.

Nyleg fekk lokalpolitikarane sjå Vegvesenet sine førebelse skisser av mogelege løysingar for trafikkmaskinen på Kolskogen.

– Vegvesenet bad oss om å ikkje dela skissene med andre. Dei ønsker å halda det for seg sjølve, seier Nøttseter.

Han meiner lokalsamfunnet må få ta meir del i planane allereie no.

– Dei må vera opnare på eit tidlegare tidspunkt. Dette er ei viktig sak for offentlegheita og valet.

Vegvesenet: – Unødvendig uro

På området Kolskogen ved Os skal Hordfast bli kopla saman med motorvegen inn mot Bergen som opnar neste år. Her ligg det tre barnehagar, ein vidaregåande og ein barneskule, fleire idrettsanlegg og mykje næringsliv.

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

REKORDBRU: Hordfast til 37,7 milliardar kroner er blant anna ei over fem kilometer lang flytebru til 17 milliardar kroner over Bjørnafjorden.

Illustrasjon: Statens vegvesen/Dissing+Weitling

Statens vegvesen sin prosjektleiar for Hordfast, Sverre Ottesen, vedgår at det er utfordrande å legga ein motorveg i dette området.

– Dette nye krysset blir nok det vanskelegaste me byggjer på dei 55 kilometrane frå Stord til Os. Her er det trongt med bygg rundt oss, og innimellom der skal me få plass til eit motorvegkryss.

– Kor mykje av industri, barnehagar og anna må rivast då?

– Me håpar å ha ei teikning av det om ein månads tid. Då kan me byrja å gå i dialog med dei som blir råka, for å sjå om det er ting me ikkje har tenkt på eller kan gjerast på ein betre måte.

– Men de har allereie nokre skisser klare, som de helst ikkje vil at offentlegheita skal sjå?

– Det stemmer. Rett før sommaren la me fem veldig grove skisser fram for kommunen. Det er ei utfordring viss me går ut med alle fem. Mange vil finna bygget sitt på ei av dei skissene og seia at «no ryk barnehagen vår». Då skaper me kanskje unødvendig uro, seier Ottesen.

– Fleire av desse løysingane er no forkasta og ikkje lenger aktuelle, legg Ottesen til.

Han skal legga fram éi eller to nye skisser for kommunen og grunneigarane seinare i september.

Katharina Søreide, styrar Espira Ulvenvatnet

TETT PÅ: Berre ein støyskjerm skil dagens E39 frå Espira sin barnehage Ulvenvatnet og styrar Katharina Søreide. Skal vegen få fire felt og 110 km/t må barnehagen truleg vekk.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Barnehage i faresona

To private barnehagar ligg i eller tett opptil der motorvegkrysset er planlagd.

– Kva som skjer ved stortingsvalet og med E39, veit me jo ikkje. Men det kan bli ein større veg her, seier styrar Katharina Søreide i barnehagen Espira Ulvenvatnet.

Der har ungane store plenar og bugnande kjøkkenhage. Men bak støyskjermen susar trafikken på dagens E39 rett forbi. Og viss det skal bli motorveg her, må truleg denne og nabobarnehagen med til saman 200 ungar vekk.

Anten fordi bygga må rivast, eller fordi det blir for mykje trafikkstøy. Barnehagestyraren er ikkje for prosjektet.

– Personleg syns eg det er hyggeleg å ta ferje, og at mykje i øyane i Os blir øydelagt med Hordfast. Eg vil heller ha rassikring på Bergen-Voss.

Jo Inge Bjørø, Bjørø kobber og blikk (t.v.) og Ole Viggo Skaathun, Skaathun bilverksted

SMUGKIKK: Bedriftseigarane Jo Inge Bjørlo (t.v.) og Ole Viggo Skaathun vil ha motorveg, men likar verken skissene eller manglande informasjon frå Vegvesenet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Bedriftseigar: – Uhøyrt

På Kolskogen ligg ei lang rekke bedrifter.

– Me anar ingenting. Me er jo positive til vegprosjekt, tenker eg. Me må jo ha veg. Men kvifor skal den ligga midt i eit industriområde?, spør Jo Inge Bjørlo i Bjørø Kobber og blikk.

– Og ingen frå Vegvesenet har tatt kontakt med oss, supplerer Ole Viggo Skaathun i Skaathun bilverkstad.

Når NRK viser fram dei førebelse skissene, blir dei litt forfjamsa. Nokre av forslaga går rett gjennom bygga deira.

– Jøss. Når me får slike planar tredd nedover hovudet, veit me jo ikkje kva som skjer. Det er heilt uhøyrt å ikkje få vita nokon ting, seier Bjørø.

Foreløpig skisse av Hordfast mellom Ulvenvatnet og Svegatjørn i Os.

E39 Hordfast mellom Ulvenvatnet og Svegatjørn i Os. Foreløpig skisse A frå Statens vegvesen, juni 2021.

Illustrasjon: Statens vegvesen
Foreløpig skisse av Hordfast mellom Ulvenvatnet og Svegatjørn i Os.

E39 Hordfast mellom Ulvenvatnet og Svegatjørn i Os. Foreløpig skisse B frå Statens vegvesen, juni 2021.

Illustrasjon: Statens vegvesen
Foreløpig skisse av Hordfast mellom Ulvenvatnet og Svegatjørn i Os.

E39 Hordfast mellom Ulvenvatnet og Svegatjørn i Os. Foreløpig skisse C frå Statens vegvesen, juni 2021.

Illustrasjon: Statens vegvesen
Foreløpig skisse av Hordfast mellom Ulvenvatnet og Svegatjørn i Os.

E39 Hordfast mellom Ulvenvatnet og Svegatjørn i Os. Foreløpig skisse D frå Statens vegvesen, juni 2021.

Illustrasjon: Statens vegvesen
Foreløpig skisse av Hordfast mellom Ulvenvatnet og Svegatjørn i Os.

E39 Hordfast mellom Ulvenvatnet og Svegatjørn i Os. Foreløpig skisse AC frå Statens vegvesen, juni 2021.

Illustrasjon: Statens vegvesen

Avgjerande val på måndag

Mykje er uavklart med Hordfast, både om, kvar og korleis det skal byggjast.

Ifølge regjeringa er hovudtraséen for Hordfast med bru frå Reksteren på Tysnes til Os bestemt for lengst. Men det finst også forkjemparar i både politiske parti og interesseorganisasjonar for å velja ein annan hovudtrasé lenger aust, utan bru over Bjørnafjorden.

Vegvesenet skal neste sommar gi sitt detaljforslag for heile Hordfast-traséen til regjeringa.

Ottesen i Vegvesenet minner om at me på måndag skal velja dei politikarane som skal seia endeleg ja eller nei til denne motorvegen.

– Det er grunn til å tru at slik framdrifta er no, er det Stortinget som no blir vald som skal ta stilling til om Hordfast skal byggast eller ikkje, seier prosjektleiaren for Hordfast.

Oppdatert 08.55: Oppdatert med ei presisering frå Vegvesenet om at nokre av skissene allereie er forkasta som løysingar.