Hopp til innhold

Her er høgdepunkta frå utspørjinga av Venstre-toppen

Venstretopp Gunhild Berge Stang likar å danse, og om ho kjem inn på fylkestinget så vil ho gjerne danse med dei fleste for å oppnå resultat for partiet sitt.

Gunhild Berge Stang frå Venstre måtte svare for seg i NRK Sogn og Fjordane si partiutspørring.

I STUDIO: Gunhild Berge Stang (V) blei spurt ut på direkte i radio og nett-TV. Foto: Ole Andre Rekkedal

Vallogo

Her er nokre av høgdepunkta frå utspørjinga av Venstre sin førstekandidat til fylkestingsvalet:

«Då blir det vel mykje dans, då»

Om korleis det blir med ho på fylkestinget

«Eg er så glad i å danse, at eg gjerne dansar med alle»

Om kven ho vil samarbeide med på fylkestinget

«Barn og unge er vår prioritet»

Om at Venstre vil kutte i samferdsle framfor skule, men samstundes gje unge gratis buss

«Vi har nådd ei smertegrense når det gjeld hybelbuarar. Vi vil byggje på dagens skulestruktur»

Om kutt i fylkeskommunen sin økonomi

«Eg personleg synest det er fint at butikkane er stengde på søndagar »

Om søndagsopne butikkar

«Fjordhesten er ein utryddingstruga dyreart »

Om kvifor Venste støtta fjordhestsenter i Venstre-kommunen Eid

«Eg har ikkje sagt at dette blir nokon enkel jobb»

Om at Venstre vil stogge planane om fjorddeponi i Førdefjorden