– Eg er ein person som flyttar masse på meg, og eg har funne ut at eg vil bu mykje i utlandet. Fylkesvåpenet minner meg på kor eg kjem frå, seier Karlsrud.
Tatoveringa hennar er ein hyllest til alt ho forbinder med fylket.
Foto: PrivatHo bur i Bergen, men har budd på Island. I januar flyttar ho til Berlin.
Fredag tatoverte ho ein fem centimeter høg versjon av fylkesvåpenet til Sogn og Fjordane på leggen. Det er hennar første tatovering.
Les også:
Ville ha noko abstrakt
Aurlendingen, som er grafisk designar, valde å tatovere fylkesvåpenet fordi det er abstrakt. Dei som er frå fylket skjønar likevel kva tatoveringa representerer.
– Kvifor valde du ikkje å tatovere kommunevåpenet til Aurland kommune?
– Kommunevåpenet til Aurland er veldig biletleg. Og eg er meir knytt til Sogn enn til kommunen, mellom anna fordi eg vaks opp i Lærdal, seier ho.
Kommunevåpenet i Aurland kommune er eit sølvfarga geitebukkhovud mot ein blå bakgrunn.
Eksklusivt fylkesvåpen
TRE FJORDAR: Tre fjordar er enkelt symbolisert. Dei viser til dei tre hovuddelane av dette fjordfylket der mest alle bur nær til ein fjord. Kilde: Fylkesarkivet
Ho har ikkje høyrt om andre med same tatovering. Det hadde heller ikkje han som tatoverte leggen hennar, som tykte fylkesvåpen var ein god idé.
Det same meiner også Karlsrud sine besteforeldre.
– Da eg viste dei tatoveringa, syntest dei det var veldig flott at det vart Sogn og Fjordane, seier Karlsrud.
Og om det nokon gong skulle bli endringar i fylkesstrukturen er ikkje det noko problem for aurlendingen.
– Då blir tatoveringa endå meir nostalgisk og eksklusiv, seier ho.