I eit lite siderom i Bergenshallen sit sju kvinner rundt eit bord. Mange av dei har kvitt hår. Med kjappe hender fyller dei vaksinevæske over frå små ampullar til sprøyter.
– Her sit vi dag ut og dag inn. I dag skal 2300 få vaksine her, seier sjukepleiar Elise Moe Hansen.
Ho hadde vore pensjonist i eit halvt år, men i februar blei det slutt. Sidan då har ho jobba fulltid i Bergenshallen, for det meste med å trekka koronavaksinedosar opp i sprøytene.
– Det har vore fantastisk å komma hit og jobba saman med mange kollegaer: Mange av dei er pensjonistar som syns det er kjempefint å få bidra.
Sjølv har ho aldri jobba med vaksinering før. Dei siste 13 åra jobba ho innan psykisk helse i Bergen kommune.
– FINT Å BIDRA: Elise Moe Hansen gjer klar ein Biontech-Pfizer vaksine i Bergenshallen.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK– Veldig viktige for oss
Ingen har oversikt over kor mange pensjonistar som jobbar med koronavaksinering i Noreg. Helsedirektoratet seier kvar enkelt kommune ikkje rapporterer det inn.
På vaksinestasjonane i Bergen er det til saman 70 pensjonerte helsearbeidarar i sving. Det betyr at dei utgjer over ein fjerdedel av staben.
Det fortel Hossein Tehrani, driftssjef for alle vaksinestasjonane til Bergen kommune.
– Pensjonistane er veldig viktige for oss. Dei er gode kollegaer med lang arbeidserfaring og solid kunnskap. Dei er alle gull verdt for oss.
– Men pensjonistar er naturleg nok også i risikogruppe for å få korona?
– Ja. Men eg er så godt som sikker på at alle er fullvaksinerte.
GODE KOLLEGAER: Pensjonistane har lang arbeidserfaring og solid kunnskap, fortel Hossein Tehrani, driftssjef for vaksinestasjonane til Bergen kommune.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK– Pensjonisttilværet får venta
Sjukepleiar Roald Nes er blant dei som gladeleg utset pensjonisttida på grunn av koronapandemien.
– Pensjonisttilværet får venta. Eg gjekk rett frå første dag som pensjonist til å jobba her, fordi eg tykte det var eit spennande prosjekt.
Han er såkalla stadleiar for vaksinestasjonen i Bergenshallen, og steppar inn i dei arbeidsoppgåvene det til ei kvar tid trengst.
– Eg har ikkje tatt ferie heller, for dette er så gøy å vera med på. Veldig mange pensjonistar kjem hit, og alle har ein glød om at dette skal me få til.
UTSETTE PENSJONISTTIDA: – Pensjonisttilværet får venta, seier sjukepleiar Roald Nes.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK– Det høyrest ut som du ikkje treng løn, ein gong?
– Vi får løn, jo, ler Nes.
– Eg held fram her så lenge det er bruk for meg. Det blir kanskje ut året, seier Moe Hansen.
– Mange har sett pensjonistar i rolla som eksamensvakt. Vaksinering er kanskje den nye sysselen for pensjonistar?
– Ja, det kan vera. Det er veldig greitt å vera aktiv og ha litt praktiske oppgåver, seier ho.