Hopp til innhold

Her er det tomt – no blir det tysk ribbe

Ribbe som vanlegvis ville blitt fryst ned, har i korona-året blitt til bacon. Det betyr importert julemiddag for mange.

Glacio sitt fryselager Rakkestad

TOMT: Planen var at Glacio sitt nye lager på Rakkestad skulle fyllast opp med mellom anna storfe- og svinekjøt. Men dette blir det ikkje noko av med det første.

Foto: Christian Solberg

Vanlegvis ligg det tonnevis med storfe- og svinekjøt på Nortura sine fem store reguleringslager kring om i landet.

Men slik er det ikkje i år.

Endra etevanar og stopp i grensehandelen gjer at norske bønder ikkje greier å produsere nok kjøtt.

Ribbe som vanlegvis ville blitt fryst ned, har i «korona-året 2020» gått med til produksjon av bacon og grillribbe.

– Det vil bli nok svineribbe til alle på julaftan, men enkelte vil måtte ete utanlandsk ribbe, seier Ole Nikolai Skuldberg, direktør i Nortura Totalmarknad.

Underdekning på 13 000 tonn

I den ferske prognosen frå Nortura Totalmarknad blir det forventa ei underdekning på 9000 tonn storfekjøt og 4000 tonn svinekjøt i år.

Behovet for storfekjøt og svinekjøt må difor dekkast inn gjennom import, hovudsakleg frå Tyskland.

I tillegg er det ein fast årleg import av 2700 tonn storfekjøtt frå Botswana og Namibia.

Prognosen viser også at salet av storfekjøt, svin og lam vil auke både i år og neste år. Storfe vil auke med 2 prosent, gris med 3 prosent og for lam blir det forventa ein auke på heile 12 prosent. Veksten i salet er mykje større enn i Nortura si prognose i september.

Fatland Ølen AS, produksjon

IKKJE NOK SVINEKJØT: Stopp i grensehandelen gjer at det er for lite svinekjøt i den norske marknaden. Her ser vi frå Fatland Ølen AS sin produksjon i januar i år.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

Enorm etterspurnad etter importkvotar

– Vi har aldri opplevd maken til etterspurnad, fortel seksjonssjef Jens Tjenteland i Landbruksdirektoratet.

Landbruksdirektoratet auksjonerer kvart år ut importkvotar på kjøt og andre landbruksprodukt.

I år har prisane på kjøt og typiske grensehandelsvarar gått rett i taket.

Kvoten på 1084 tonn frose storfekjøt frå WTO gjekk for 40 kroner per kilo, nesten ei firedobling i høve same type auksjon i fjor.

På svineribba og pølsene frå EU var kiloprisen tredobla. Svineskinka frå EU gjekk til dobbel pris.

Dei høge prisane er eit teikn på at aktørane i marknaden reknar med underskot på norsk kjøt framover.

Landbruksdirektoratet har difor sett ned tollsatsane på storfe- og svinekjøt, slik at vi lettare kan få tak i kjøt frå utlandet.

Bård Gultvedt i Norgesgruppen har tidlegare i haus sagt at butikkane fryktar mangel på norsk svinekjøtt langt inn i 2021.

Anders Felde i fjøsen

SEIER NEI TIL GRENSEHANDEL: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, meiner det er hol i hovudet at vi let nordmenn dra til Sverige for å kjøpe billig kjøt, tobakk og alkohol.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Vil ha slutt på grensehandel

Anders Felde er leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. Han meiner den stengde svenskegrensa har vist oss kor omfattande grensehandelen verkeleg er, og kor viktig det er å bli sjølvforsynt på viktige matvarer.

– Det bør ikkje vere ein menneskerett for dei som bur nær svenskegrensa og fare over der og stappe bagasjerommet fullt med kjøt, pølser, ost, alkohol og tobakk, seier han.

– Du vil ha eit forbod?

– Ja. Det er mykje betre at vi aukar matproduksjonen i Noreg og at vi forbyr grensehandelen.

– Minner om Nord-Korea

Frp sin landbrukspolitiske talsmann, Morten Ørsal Johansen, har ingen sans for forslaget frå Bondelaget.

– Også eg er uroa over at vi må importere stadig meir kjøt, men å stengje grensene er ikkje vegen å gå. Det minner meir om Nord-Korea enn Noreg, seier han.

Morten Ørsal Johansen på besøk på pelsdyrauksjon i København

KRITISK: Å stengje grensehandelen med Sverige minner meir om Nord-Korea enn Noreg, meiner Morten Ørsal Johansen, landbrukspolitisk talsperson i Frp.

Foto: Mathias Oppedal / NRK