Hopp til innhold

Her er det størst sjanse å få storlaksen

Etter ein vanskeleg sesongstart viser teljingar at det har vore eit godt år for laksefisket i fylket. Og den største laksen har du størst sjanse for å fange i Lærdal.

Kjempelaks teken i Lærdalselva

RUGG: Dette beistet vart henta på land i fjor. Lærdalselvi har dei tre siste åra hatt den største andelen storlaks av alle elvar i landet.

Foto: Ola Petter Bøe

Organisasjonen Norske lakseelver står bak den omfattande oppsummeringa av årets laksefiske. Den tek for seg eit utval av dei 42 viktigaste elvane i landet. Tala viser ei auke i fangsten på ti prosent samanlikna med gjennomsnittet dei siste ti åra.

Også her i fylket har det vore ein svært god sesong. Alle elvane som er med i oversikta viser framgang. Både Osenelva og Nærøydalselva har hatt sine beste sesongar på 20 år, trass i ein dårleg start.

– Som mange andre plassar var det kaldt vatn og stor snøsmelting i starten av sesongen. Det gjorde at laksen lenge berre gjekk opp til eit visst punkt i elva. Så det er den nedre delen av elva som har hatt det beste fisket, men totalen har vore veldig bra, seier Sigvar Brusegard, leiar i Nærøydalen Elveeigarlag.

Laksefisket i Sogn og Fjordane 2015

Elv

Tal laks

Snitt siste ti år

Endring frå snittet (i %)

Lærdalselvi

1116

557

101

Gaula

822

736

12

Årdalselva

717

543

32

Osenelva

552

254

117

Nærøydalselva

511

220

132

Årøyelva

165

100

65

Kjelde: Norske lakseelver

God sesong, trass seig start

Han trur dei strenge restriksjonane i elva dei siste 10–12 åra er forklaringa på oppgangen.

– Kvar fiskar får berre ta opp to laks i løpet av ein sesong og all holaks må sleppast ut att. Det gjer at gytebestanden blir veldig god. Så kan det vere litt tilfeldig at sommaren i år vart ekstra god, seier han.

Lærdalselvi har i fleire år slite med lakseparasitten Gyrodactylus Salaris, men dei siste målingane har alle vore utan teikn til parasitten. Fangsten i år har vore dobbelt så god som snittet dei siste ti åra. Og det er utan at tala frå dei åra elva var stengt er tekne med.

– Det såg litt dårleg ut med sein lakseoppgang. Faktisk var vi tre veker etter normalen, så dei som var tidleg ute for å fiske var kanskje ikkje så veldig happy. Men når det først kom vart det skikkeleg fart i det, seier leiar i Lærdal elveeigarlag, Lasse Sælthun.

Ole Martin Gilbu (28) frå Kragerø har fiska laks sidan han var tre år gamal. Kvart år blir det fleire turar til Nærøydalselva i Aurland, der han no har laga ein fiskefilm.

ELDORADOFISKE: Etter å ha vore stengt i fleire år, er det no eldoradofiske i Nærøydalselva. Ole Martin Gilbu har laga ein video frå opningsfisket i år. Traileren kan du sjå her.

Storlaksen får du i Lærdal

Ikkje nok med ein kraftig oppgang. Lærdalselvi har den største andelen storlaks av alle elvane i landet, ein posisjon dei har hatt sidan det vart opna for fiske for tre år sidan.

Lasse Sælthun, leiar i elveeigarlaget i Lærdal

NØGD: Lasse Sælthun i Lærdal elveeigarlag er nøgd med fangsten, men mest spent på om dei er kvitt lakseparasitten Gyrodactylus Salaris.

Foto: Picasa

Heile 42 prosent av laksen som vart fanga i år var over sju kilo, mot 40 prosent i Lakselva i Porsanger på andreplass. Nærøydalselva følgjer på ein fin fjerdeplass med 35 prosent.

Sælthun er ikkje overraska.

– Det er ikkje noko unormalt. Lærdalslaksen har historisk sett vore veldig stor, seier han.

Han gler seg over det gode fisket, men det viktigaste er at dei blir kvitt lakseparasitten for godt. For ei veke sidan vart nye prøvar tekne.

– Vi er veldig spente på resultata frå dei, seier Sælthun.