Hopp til innhold

Her er det nest best å bu i heile landet

Mellom dei 20 beste kommunane i landet å bu i er det ni kommunar frå Sogn og Fjordane. Jølster hamnar på sølvplass.

Vassenden og Jølstravatnet

GODE TENESTER: Innbyggjarane i Jølster kan skilte med at dei bur i den nest beste kommunen i landet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det syner kommunebarometeret som Kommunal rapport har fått utarbeidd. Og plasseringane her tyder på at folk i Sogn og Fjordane får gode tenester frå kommunane dei bur i.

Fire kommunar i Sogn og Fjordane er inne på ti på topp-lista. Eid er nummer ni, Førde nummer seks, Askvoll nummer fem og Jølster er på andreplass. Berre Alvdal i Hedmark er ein betre kommune å bu i enn Jølster, skal vi tru kommunebarometeret.

Oddmund Klakegg

– SVÆRT GLEDELEG: Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) var klar over at Jølster hevdar seg godt, men at dei hamna heilt oppe på andreplass kom overraskande på han.

– Dette er svært gledeleg. Eg veit at vi har scora høgt dei siste åra, og at vi er i elitedivisjonen når det gjeld å yte innbyggjarane våre tenester. Men at vi hamnar heilt oppe på andreplass var ei gledeleg overrasking.

Argument mot kommunesamanslåing

Den 4. april skal innbyggjarane i Jølster seie sitt i ei folkerøysting om kommunesamanslåing. Ordføraren er mellom dei som meiner at Jølster er best tent med å stå åleine, og han vedgår at han kjem til å bruke sølvplassen i kommunebarometeret for det den er verd.

Alfred Bjørlo

USAMD MED KLAKEGG: Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Små kommunar ligg høgt når det gjeld å gi innbyggjarane gode tenester, så eg har aldri forstått argumentasjonen bak kommunereformen. Difor nyttar eg sjølvsagt slike målingar.

Men ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid seier han er dundrande usamd med Klakegg når han brukar plasseringa som argument for å halde på dagens kommunestruktur.

– Skal vi halde oppe kvaliteten i tenestene må vi utvikle oss vidare. Å få til ei samanslåing med Gloppen, som også gjer det godt, vil vere den beste garantien for framleis gode kommunale tenester.

Anders Kristian Sægrov

KRITISK TIL KLAKEGG: Anders Kristian Sægrov (H).

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Kome litt for godt ut?

Og kommunestyrerepresentant Anders Kristian Sægrov (H) i Jølster er kritisk til at ordførar Klakegg brukar plasseringa i kommunebarometeret i argumentasjonen mot kommunesamanslåing.

– At vi har gode tenester er sjølvsagt bra, og det har vi hatt over mange år. Men kommunereformen handlar i praksis ikkje om tenestene, men med unnatak av barnevern om administrasjon.

Han meiner og at Jølster kan ha kome litt for godt ut i barometeret fordi kommunen ikkje har levert på alle måleparametera (Har levert sju av 12, red.merknad).

– Om ein let vere å melde inn det ein er mindre god på, desto høgare i kommunebarometeret kjem ein, seier Sægrov.

Balestrand rådhus og Sparebanken Sogn og Fj.

KJEM DÅRLEG UT: Balestrand kommune er heilt nede på 382. plass på kommunebarometeret.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Sju blant dei 100 dårlegaste

I tillegg til dei fire mellom dei ti beste er fem andre kommunar er inne blant dei 20 beste. Stryn er nummer 12, Sogndal 14, Gloppen 15, Gaular 17 og Vågsøy 18.

Men sjølv om Sogn og Fjordane-kommunar gjer det godt på den øvre delen av barometeret så er vi også godt representert blant dei som kjem dårlegast ut. Mellom dei 100 svakaste er det sju kommunar frå Sogn og Fjordane.

Harald N. Offerdal

FÅR DET IKKJE TIL Å STEMME: Ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Det er i alt 428 kommunar i landet. Av dei finn vi Balestrand som nummer 382, Solund 376, Aurland 371, Lærdal 362, Årdal 346, Bremanger 331 og Høyanger 327.

Ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand seier han har litt problem med å kommentere den svake plasseringa til sin kommune fordi han ikkje får tala til å stemme.

– Ifylgje det som står i Kommunal rapport skulle vi ha vore nummer 368 i fjor. Men det stemmer ikkje. Eg sit med tala frå i fjor, og då var vi nummer 116.

Kommunebarometeret byggjer på 12 ulike kriterier: Grunnskule, eldreomsorg, barnevern, barnehage, helse, sosial, kultur, økonomi, kostnadsnivå, miljø og ressursar, saksbehandling og vatn, avløp og renovasjon.

Sogndal på topp i grunnskule

Det er særleg innan grunnskule kommunane i Sogn og Fjordane hevdar seg godt. Sogndal toppar denne kategorien, Førde er nummer tre og Stryn nummer seks.

Derimot er Sogndal heilt nede på 340. plass når det gjeld barnehage. Vågsøy er nummer 385 og Aurland 353. I andre enden finn vi Jølster som nummer seks og Askvoll som nummer 11.

Innan eldreomsorg er Førde den einaste kommunen frå Sogn og Fjordane som er høgt oppe - på 14. plass. I andre enden finn vi Solund som nummer 396 og Balestrand som nummer 391.

På to område - kultur og kostnadsnivå - hevdar kommunane i Sogn og Fjordane seg dårleg. Inann kultur finn vi Gulen, Vågsøy, Selje, Gaular og Askvoll på plassar frå 388 til 402. Her er Aurland best på 13. plass.

På kostnadsnivå er 12 kommunar i vårt fylke på plassar frå 300 og nedover, Aurland kjem dårlegast ut som nummer 402. Best her er Stryn som nummer 51.