Hopp til innhold

Her er det geitene som klipper graset for golfarane

GLOPPEN (NRK): Over heile landet blir det meir og meir populært med firbeinte grasklipparar. På golfbana satsar dei også på hjelp til å finne att ballar som ikkje nett gjekk «hole-in-one».

GOD STEMNING: Bjarte Øvrebø meiner at geitene er til god hjelp på golfbana.

– Eg håpar dei beiter så mykje no at vi kan finne att golfballane som har forsvunne ned i marka her, seier golfentusiast Bjarte Øvrebø.

Saman med eigaren av golfbana på Sandane i Gloppen, Didrik Eide, har han henta inn fire geitekje til å driva slåttearbeid langs bana.

Håpet er at det skal bli mindre kostbart for dei litt mindre treffsikre golfarane.

– Det kostar jo nokre kroner. Eg er sunnfjording og veit kva pengar betyr, seier Øvrebø.

Får støyt om dei kryssar grensa

På golfbana får geitene elektriske støyt om dei går utanfor usynlege GPS-gjerde. Noko som er praktisk for golfarane i Gloppen.

– Det går veldig bra. Geitene kryssar ikkje grensa mange gonger. På éi veke har vi sett éi geit som har fått fire smellar. Dei andre har lært litt fortare, seier Øvrebø.

Kortare, geitetygd gras i terrenget rundt greenane, gjer også at det blir lettare for golfarane å finne igjen ballar som har hamna på avvege.

Dersom prosjektet held fram som ein suksess, vil dei halde fram neste sommar. Geitene har òg bidrege til at det er ekstra kjekt å vitje golfbana.

– Det lagar litt god stemning. Eg har inntrykk av at dette er litt gøy både for oss og for gjestar som kjem.

Held seg unna toget

Nokre mil lenger inn i Sogn og Fjordane har 20 geiter fått jobben med å rydde skog og mark langs den kjende Flåmsbana.

Også der er geitene utstyrte med GPS-klavar rundt halsen, som gir dei tydeleg beskjed når dei nærmar seg dei usynlege gjerda.

Hittil har ingen av geitene blitt påkøyrde av toget, forsikrar prosjektleiar Sindre Haugen Orvedal i Flåm Utvikling.

– Vi justerer stadig grensene for å halde dei trygge, seier han.

Geiter flåm

BEITE: Denne geiteflokken ryddar langs jernbanelinja i Flåmsdalen.

Foto: Arne Veum

– Hyggeleg med geiter

I Flåm er dei no inne i andre året av prosjektet der dei nyttar elektroniske gjerde for å halde geiter innan eit bestemt område.

– Vi tykkjer det er veldig positivt å nytta husdyr. Det blir eit finare resultat enn om ein legg ned skogen med motorsag. Dei besøkjande tykkjer det er hyggeleg òg, seier prosjektleiar Sindre Haugen Orvedal.

Lars Olav Eik, professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås, meiner geitene er perfekt rusta til å driva med gras- og skogrydding.

– Geitene tar ein variert meny, dei et både tre og busker utan at ein treng å pressa dei. Dei fleste veit at geitene ofte et det dei ikkje har lov til å eta, men dei òg er veldig gode til å halde landskapet nede, seier han.

Geiter Gloppen

LÆRER FORT: Geitene lærer fort å halde seg innanfor dei elektroniske grensene.

Foto: Benedikte Grov / NRK