Hopp til innhold

Her er den nye SV-leiaren

Hege Lothe skal leie SV-hæren i fylket det neste året. Sjølv kallar ho seg " Eit bra kvinnfølk frå Gløppen".

Hege Lothe
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Hege Lothe hadde på førehand takka ja til å bli ny leiar i SV, etter Heidi-Kathrin Osland frå Sogndal. Og ikkje overraskande vart ho valt til partiet sin nye sjef i eit viktig valkampår for partiet.

Radikal SV-ar

Heidi- Kathrin Osland

GÅR AV: Heidi-Kathrin Osland takkar for seg som SV-leiar

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Den politisk engasjerte glopparen sit i dag både i kommunestyre og formannskapet i heimkommunen. Lothe har i tillegg vore aktiv i Nei til EU og er dessutan informasjonkonsulent i Noregs Mållag.

- Eg ser på meg sjølv som ein radikal SV-ar, men fire år i kommunestyret i Gloppen har lært meg å inngå kompromiss, seier den nyvalde leiaren. Det har også SV måtte gjort i 35 år på riksplan!

Glopparen håpar å bli ein synleg leiar, og er ikkje redd for å ta ein debatt i det offentlege rom. Dessutan har ho med seg ein erfaren gruppeleiar i Norvall Nøringset frå Førde.

Til hausten er det Kommune- og fylkestingsval, og der håpar Hege Lothe at dei blir tre på tinget. Partiet har sett Nøringset på førsteplass, Hilde Kvamsås Aa på andre og Lothe sjølv på tredjeplass

Mannen tek husarbeidet

Hege Lothe

NY LEIAR. Hege Lothe vil kjempe for lokalsjukehusa

Foto: Privat

Småbarnsmora frå Gloppen reknar med at det blir eit travelt år på toppen av Sosialistisk Venstreparti, men med støtte frå mannen Sindre, reknar ho med at det skal gå bra.

– Han er flink i huset i god SV-ånd, og i tillegg planlegg eg å gå litt ned i stilling, seier Lothe.

Ho lovar å kjempe for at sjukehusa på Eid og i Lærdal framleis skal ha akutt- og fødetilbod, og vil dessutan styrke fylkeskommunen.

På spørsmål om SV bør halde fram i regjering etter neste Stortingsval, svarar kvinna frå Gloppen som politikarar flest.

– Det får vi diskutere når den tid kjem, avsluttar Lothe.