Hopp til innhold

Her er dei nye Sogndaldraktene

Kvitt og burgunder vert fargane som kle fotballspelarane til Sogndal frå årets sesongen. Draktene vart presenterte idag.

Anders Stadheim (t.v.) og Marco Reda
Foto: Arve Uglum / NRK

Sogndal Fotball har alt fått ny logo. Men frå årets sesong vert også utsjånaden på draktene endra.

På heimebane skal det spelast i kvite drakter, medan burgunder vert fargen på bortedraktene.

Til no har det vore vanleg å skifte draktfarge på bortekampar når heimelaget har hatt like drakter. Men på dagens presentasjon vart det opplyst frå SIL-leiinga at dei kjem til å bruke dei burgunderfarga draktene oftare.