Hopp til innhold

Her er dei minst lønsame turistane

Eit nytt forskingsprosjekt avlivar myten om cruiseturistar som svært lønnsame for Norge. Rapportane blir møtt med skepsis av næringa.

Cruiseskip i Olden

CRUISE: Olden er eitt av mange populære vestlandshamner for cruiseskipa. Ny rapport som slår fast at turistane ikkje legg att så mykje pengar, blir møtt med skepsis av næringa sjølv.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Resultatet i forskingsprosjektet Tourism yield finn at cruiseturistar i Norge brukar i snitt 100 kroner kvar dag.

Det står i sterk kontrast med tidlegare undersøkingar som viser at cruiseturistar legg att opp mot 1 300 kroner per person.

– Vi har mykje vintercruise til Norge i desse dagar, og vi veit at 80–90 prosent av turistane om bord på desse skipa kjøper eksklusive dyre landturar. Det seier seg sjølv at dei brukar meir enn 100 kroner dagen, seier Wenche Nygård Eeg.

Langt meir lønnsame

Nygård Eeg er dagleg leiar i Cruise Norway AS og har lita tru på funna i den nye rapporten.

Ho tviheld på rapportar som viser at cruiseturistane legg att mellom 890 og 1.300 kroner dagleg.

– Vi held oss til dei faktaopplysningar som vi har, og dei tre seriøse undersøkingane som er gjort tidlegare, seier ho.

Blir ikkje uroa

For turistnæringa på Vestlandet er det nok også dette dei håpar på. For berre i Sogn og Fjordane er det venta ein vekst på 40 prosent fleire cruiseturistar i år.

Inger Elin Nes Hjelle i Reisemål Stryn og Nordfjord har tidlegare forsvara veksten i cruiseturismen med at dei legg att kring tusen kroner kvar dag.

Heller ikkje ho er uroa for dei nye tala.

– Det er ulike måtar å rekne seg fram på desse tala på. Det er ikkje alle som berre går på land, ruslar seg ein tur og er innom ein suvenirbutikk, seier ho.

– Kan forbetrast

– Det er som sagt mange som er på utflukt og då vil verdiskapinga på land vere meir enn dei 100 kronene det blir vist til i den nyaste rapporten, held ho fram.

Nes Hjelle trur likevel at det er eit potensial for å forsterke turistnæringa i fjordfylket.

Mellom anna ved at verksemder tenkjer ut alternative måtar å nå turistane på.

– Det må jo vere opp til verksemder lokalt å plukke ut produkt som kan vere interessante for turistane å kjøpe, seier ho.