Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytte til Sogn og Fjordane, kommunane i trivselsfylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.
Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar.
Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.
Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein kopp med litt julegodis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.
Er du klar? Her er dagens quiz:
- Med storhavet som næraste nabo får ungdomskuleelevane ved denne skulen i fylket byte ut vanleg symjeundervisning med surfing. Veit du kva skule vi snakkar om?
- Ein markant skikkelse i norsk fotball vart i haust vald som styreleiar i det nyskipa Sogn og Fjordane Næringsård. Veit du namnet? Vi vil ha førenamnet.
- Innbyggjarane i denne kommunen sa nei til kommunesamanslåing. Fylkesmann Anne Karin Hamre har likevel gitt råd til regjeringa om å slå kommunen saman med to naboar for å skape eit "regionalt tyngdepunkt i Sogn". Kva heiter kommunen?
- Edvald Boasson-Hagen, Alexander Kristoff og fleire internasjonale sykkelstjerner kjem i mai neste til fylket for å sykle frå Balestrand, via Jølster til Førde. Kva heiter sykkelrittet?
- Fotballspelaren Gustav Valsvik frå Vik har sidan i sommar spelt for eit lag i 2. bundesliga i Tyskland? Veit du namnet på klubben?
- Som ordførar og fylkespolitikar har Frida Melvær fått testa kollektivtilbodet i fylket. Då ho i haust sikra seg topplassen på Høgre si stortingsvalliste lova ho at ho skulle ta kva for noko?
- Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen IL fekk i vår plass på juniorlandslaget. Men i kva idrett?
- Den unge Førde-jenta blir spådd ei lysande karriere som skiskyttar. Sist vinter tok ho VM-gull i sprint i ungdomsklassen i junior-VM, og for vel ein månad sidan fekk ho gå sitt første verdscuprenn. Veit du kva ho heiter? Vi vil ha etternamnet.
- Det er éin undersjøisk vegtunnel i Sogn og Fjordane. Kva heiter den?
- På Sanden i Naustdal står to litt spesielle skulpturar. Den eine er Budeia, laga av Kjartan Slettemark. Oddvar Torsheim og Geir Hjetland står bak den andre skulpturen, som på mange vis passar fint saman med Budeia. Veit du kva denne skulpturen heiter?
Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.
Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no
Lykke til!
- Her finn du alle svara: