Hopp til innhold

Her er dagens quiz - 1. januar

Har du lyst å fôre dei små grå litt medan pinnekjøttet står på komfyren? Eller treng du ein pause frå julefilmar på TV eller leik og moro i desembersnøen? NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag gjennom romjula og nyttårshelga.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane 2016
Foto: Blom/Scanpix, Vedvik, Nygård/NRK, Brugrand/NRK, Haugen/Fjalerfilm, Landsverk/NRK, Kleiven

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytte til Sogn og Fjordane, kommunane i trivselsfylket og personar som har tilknyting til fjella og fjordane våre.

Set deg gjerne saman med nokon, finn fram penn og papir – og du er klar.

Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag. Desse får ein kopp med litt julegodis i posten. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Er du klar? Her er dagens quiz:

  1. Den dødelege dyresjukdommen skrantesjuke vart eit dystert bakteppe for jakta i haust. I mars vart det første tilfellet av sjukdomen i Europa oppdaga. Det skjedde i eit villreinområde som blant anna kommunane Lærdal og Aurland er ein del av. Kva heiter området?
  2. 23. august 2016 vart ein stor dag for Arve Helle, styreleiar i Lutelandet Utvikling AS. Då kom endeleg skandaleplattforma som skal demonterast til Fjaler. Har du fått med deg namnet på plattforma?
  3. Ei jente frå Sogndal var med på juniorlaget til kokkelandslaget som i haust tok gull i kokke-OL. Veit du kva ho heiter til førenamn?
  4. Veit du kor mange uniformerte UP-patruljar det er i Sogn og Fjordane?
  5. Anne Gine Hestetun er fylkesordførar i Hordaland. Arbeidarparti-politikaren kjem frå Sogn og Fjordane, men kva kommune?
  6. Frå nyttår blir Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høyskolen Stord/Haugesund og Høyskolen i Bergen slått saman til Høgskulen på Vestlandet. Ei kvinne har fått jobben som rektor, veit du kva ho heiter til etternamn?
  7. Industriområdet i Gulen er så viktig at fylkespolitikarane legg seks milionar kroner på bordet for å bidra til ein ny veg inn i området. Kva heiter det der?
  8. Rutetrafikken ved ein av flyplassane i fylket vart i vår kommersialisert. Kva heiter flyplassen?
  9. Tine har bestemt seg for å flytte konsummjølkproduksjonen vekk frå anlegget sitt på Byrkjelo. I staden skal anlegget i Gloppen produsere meir av noko anna. Veit du kva?
  10. Innbyggjarane i Sogn og Fjordane var dei mest sjenerøse under årets TV-aksjon. I snitt gav innbyggjarane i trivelsfylket 51,78 kroner kvar. Men hugsar du kva organisasjon som fekk pengane i år?
  11. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen tok Flåmsbana for første gong då han i februar var med på ein jubileumstur. Turen var del av markeringa for at det er XX år sidan bana vart opna for persontrafikk. Kva tal er det som skal erstatte XX? Skriv talet i bokstavar.
  12. Den har teke to år å bygge og kosta nesten 700 millionar kroner. I juni opna nye ? gjennom Gaular. Kva skal erstatte spørsmålsteiknet?
  13. Hybridskipet «Vision of the Fjords», bygd ved Brødrene Aa i Hyen, har fått mykje merksemd i år. Har du fått med det namnet på reiarlaget som skipet går i trafikk for?
  14. Bomringen rundt Førde har irritert både førdianarar og andre. Men kva kostar ei passering, utan rabatt. Skriv svaret med bokstavar.

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!