Hopp til innhold

Her er alt om bråket i Helse Førde

Sjå rekkjefølga av det som har skjedd rundt varslar- og mistillitsakene i Helse Førde sidan i fjor haust:

Jon Bolstad og Agnes Landstad

LEIINGA: Helse Førde representert av administrerande direktør Jon Bolstad og styreleiar Agnes Landstad.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

I september kom dei første signala om ei gryande konflikt innanfor Helse Førde. I eit brev til styret varsla ti av dei tillitsvalde for dei største forbunda om uro i føretaket og frykt for ansvarspulverisering i samband med ei pågåande omorganisering av føretaket:

Berre ein månad seinare avslørte NRK at ein medarbeidar i Helse Førde hadde klaga viseadministrerande direktør Vidar Vie inn for leiinga i helseføretaket. Bakgrunnen var mellom anna leiarstilen hans:

To dagar etter avslørte NRK at det hadde kome eit nytt brev frå dei ti fagforbunda, der ei nesten samla tillitsmannsapparat i Helse Førde varsla mistillit mot leiinga i helseføretaket. Leiinga vart skulda for uryddige prosessar, dominerande leiarstil og brot på helseføretakslova:

Ut over hausten dukka det anonyme brevet opp som hevda at svært mange leiarar i Stab og støtte i Helse Førde hadde slutta på grunn av viseadministrerande direktør Vidar Vie. Brevet vart sendt til styret i Helse Førde, og lagt anonymt på trappa til NRK Sogn og Fjordane:

Krisa var då blitt så omfattande at styret leigde inn eksterne konsulentar for å granske mistilliten mot føretaksleiinga og varslarsaka mot viseadministrerande direktør Vidar Vie. Konsulentselskapet AFF i Bergen, og advokatfirmaet Steenstrup og Stordrange fekk i oppdrag å gå igjennom leiarskapen i Helse Førde:

Konsulentane nytta både desember og januar til å undersøkje forholda, mellom anna intervjua dei 50 personar. I januar la granskarane fram rapporten, som inneheldt mild kritikk mot føretaksleiinga, frikjende Vidar Vie for å ha trakassert varslaren, men der han fekk kritikk for leiarstilen sin:

Styret vedtok at punkta som kom fram i granskingsrapporten, skulle arbeidast vidare med av administrerande direktør Jon Bolstad og styreleiar Agnes Landstad. 3. mars kom nyhendet om at Vidar Vie trakk seg frå stillinga som viseadministrerande direktør.

Like før påske fortalde NRK at legane ved Helse Førde har levert eit tilsvar til rapporten frå granskarane, der dei hevdar at det framleis er full tillitskrise i Helse Førde, med administrerande direktør Jon Bolstad på eine sida, og tilsette, tillitsvalde og mellomleiarar på den andre.

Sjukepleiarforbundet sin jurist støtta legane sine juristar i tilsvaret. Sjukepleiarane i Helse Førde sin tillitsvald gjekk ut og støtta legane.

Pasientombodet i Sogn og Fjordane melde si uro for at konflikten i Helse Førde skulle gå ut over pasientane i fylket. – Konflikten har gått over tid og styret ser ikkje ut til å få ein ende på den, meinte ombodet.

Etter påske kom det fram at helseføretaket er splitta i synet på mistillit til toppsjefen. Ti mellomleiarar meiner dei ikkje ser massiv mistillit mot Bolstad og meiner dei føretakstillitsvalde manglar ryggdekning for åtaka sine.

Les også: Brevet som slår ned som ei bombe
Les også: – Styret i Helse Førde må ta grep