Sjå korleis havørna fangar måsen

Svein Hjelmeset frå Gloppen fekk oppfylt ein ti år gammal draum då han endeleg fekk fotografert ei havørn idet ho tek byttet sitt.

Hjelmeset var eigentleg på julehandel på Eid, og var inne på ein butikk då han såg at det var eitt eller anna som skjedde i horisonten.

– Eg såg at det var noko som skjedde på fjorden, fortel Hjelmeset.

Hadde kamera i bilen

Ørn tek tak

HAVØRN: Illustrasjonsbilete av ei av ørnene i Bukta på Sandane.

Foto: Svein Hjelmeset

Hobbyfotografen som er langt over snittet interessert i fuglar, har stort sett kamera med seg uansett kvar han fer hen. Han kom seg raskt ut i bilen der utstyret var.

– Då såg eg at det var ei havørn som var på jakt, og at ei stakkars, einsleg måse låg an til å bli neste måltid, seier Hjelmeset.

Har venta på dette i ti år

Han har fotografert uhorveleg mange fugleartar og spennande situasjonar. Men akkurat det å fotografert ei havørn midt i jaktprosessen har vore ein draum han har bore på i ti år.

– Eg har gått og håpa på at eg skulle komme over noko slikt. Det er ein del havørn her i Gloppen, så motiva har vore der. Men eg har ikkje vore til stades når det har skjedd, fortel Hjelmeset.

Det var ganske stor avstand mellom Hjelmeset og dramaet akkurat då han oppdaga det, men han kasta seg i bilen og fekk køyrt nærare.

Manglar dei første bileta

– Eg var vel knappe 40 meter unna, og fekk ganske ok bilete, seier Hjelmeset.

Kameraet hans, eit Cannon Eos D7, er ein fast følgjesvein, og stort sett nyttar han ein fast 300 millimeter når han tek bilete av fuglar.

Ørn før jakt

VENTAR: Havørna er eit kjent syn for innbyggjarane på Sandane.

Foto: Svein Hjelmeset

Han er nøgd med bileta, men manglar dei heilt første bileta der ørna bryt vassflata.

– Eg fekk ok bilete etter at ørna hadde fått tak i byttet. Ho prøvde å ete litt, men så oppdaga ho meg, og då drog ho, fortel Hjelmeset.

Fluktbileta syner tydeleg korleis ørna greip måsen først med eine foten og klørne der. Når ho så fekk luft under vengjene, festa ho begge klørne i fuglen.

Spesielt å vere så nær

Hjelmeset fortel at sjølv om han tykkjer dei fleste fuglane i norsk fauna er interessante, har havørna ein heilt spesiell plass.

– Det er jo største fuglen i Norge så det er litt spesielt å få sjå dei på nært hald. Å få sjå korleis dei fangar byttet er imponerande, seier Hjelmeset.

Etter at den ti år gamle draumen har gått i oppfylling, har han funne eit nytt mål. Nemleg å få teke bilete av ørna akkurat idet ho bryt vassoverflata og tek byttet.

– Å få eitt skarpt bilete der, det kunne gjort seg, seier Hjelmeset.

NB! NRK presiserer at biletserien er endra. Dei to første bileta i den opprinnelege biletserien var illustrasjonsbilete av ei havørn på Sandane. Nye bilete, dog av litt dårlegare kvalitet, viser havørna i Eid som svevar over, og tek, gråmåsa.