Hopp til innhold

Tanta om barnevernssak: «Vi lurer på om det ligg noko i det. At det er ein kristen familie»

STRYN (NRK): Mens liknande demonstrasjonar fann stad i ei rekkje land, aksjonerte 200–300 menneske i Stryn mot Barnevernet.

Demonstrasjon mot Barnevernet, Stryn

NORSK AKSJON: Her går demonstrantar gjennom Stryn sentrum laurdag ettermiddag.

Foto: Fjordingen

– Det er ein demonstrasjon med fokus på familie. Det er ein surrealistisk situasjon at foreldra er fråtekne borna. Det skulle aldri ha skjedd.

Tanta til barnevernsborna frå Naustdal

MED BIBELSITAT: Tanta til borna som er i Barnevernet si omsorg (midten) gjekk sjølv i demonstrasjonstog i Stryn.

Foto: Bård Siem / NRK

Det seier tanta til dei fem borna som i november i fjor vart henta av barnevernet frå ein familie i Naustdal.

NRK har valt å ikkje bruke namn av omsyn til dei involverte borna.

Sikta for oppdragarvald

Dei norske demonstrasjonane i Stryn og Oslo var ein del av ein verdsomfattande aksjon som i sosiale medium blir omtala som D-dagen for norsk barnevern. Ifølgje ei aksjonsgruppa skal det laurdag ha vore demonstrasjonar 59 stader i 20 land. Alle med krav om at den aktuelle familien må få tilbake borna sine.

Demonstrasjonen i Stryn tok i tillegg opp fleire andre barnevernssaker, og i appellar blei media si rolle kritisert. Demonstrantane etterlyste kritisk søkelys på Barnevernet sine metodar.

Det var i november i fjor at barnevernet i Naustdal, etter ei uromelding, tok hand om dei fem borna til eit norsk-rumensk ektepar. Politiet har sikta foreldra for å nytte såkalla oppdragarvald, men fann ingen teikn til mishandling på borna. Foreldra skal ha vedgått å ha gitt borna klaps i oppheita situasjonar.

Demonstrasjon i Stryn mot Barnevernet

APPELLAR: Både den aktuelle saka frå Naustdal og andre saker der Barnevernet er involvert, vart trekt fram i talane framfor demonstrantane.

Foto: Fjordingen

– Fordi vi er kristne?

Saka har fått stor merksemd i mange land, ikkje minst i Romania der barnefamilien kjem frå. I den kristne pinserørsla som familien er ein del av, har saka vekt sterkt engasjement både i USA, Australia og England. Media i fleire land har kritisert Norge for å ikkje ville tillate ei kristen oppseding.

– Vi lurer sjølv på det, om det ligg noko i det. At det er ein kristen familie, seier tanta vedgår at foreldra har lagt hand på ungane.

– Eg synest det er utruleg at ein kan kalle det oppdragarvald. Då tenker ein på foreldre som slår borna sine, på blåmerke og spor etter vald. Foreldra seier sjølv at det er ikkje ein del av deira oppdraging å gi dask på baken, men det er noko som har skjedd i spesielt travle situasjonar. Då har det skjedd dasking. Dei er omsorgsfulle og veldig glad i borna sine.

Barnevern-demonstrasjon i Romania

ROMANIA: Slik såg det ut då demonstrantane tok til gata i den rumenske hovudstaden laurdag.

Foto: Barnevernsaksjonen si Facebook-side

Systemet

Familiemedlemmen reagerer på at barnevernet tok borna gjennom eit akuttvedtak, i staden for å freiste å rettleie familien først.

– Det er ein heilt vanleg familie. Det er heilt uforståeleg, seier kvinna som er søstera til den norskfødde barnemora.

Ho kallar den massive protestbølga laurdag for systemkritikk.

– Vi har ikkje den rettstryggleiken som politikarar og andre maktpersonar seier foreldre har, hevdar borna si tante.

Rådmann: – Demonstrasjonane gjer inntrykk

Det yngste barnet, ein baby, vart nyleg ført tilbake til foreldra etter ei avgjerd i Fjordane tingrett. Rådmann Øyvind Bang-Olsen, som har ansvaret for barnevernet i Naustdal har tidlegare avvist at dei freistar å hindre ei kristen oppseding. Det same har politiet gjort. Bang-Olsen seier i dag dette til NRK:

– Det har vore to rettsrundar i saka. Ein i fylkesbarnevernsnemnda og ein i tingretten. Retten stadfesta kommunen si avgjerd for fire av fem born.

Om demonstrasjonane laurdag seier rådmannen:

– Dette gjer inntrykk. Det er ei ny erfaring for oss. Vi freistar å handtere dette profesjonelt og skikkeleg.