Skal bruke over 5 milliardar på det største anlegget for landbasert oppdrett

Tomtearbeidet på det største landbaserte oppdrettsanlegget i Noreg er no i gang i Gulen. Gründerane skal bruke over 5 milliardar kroner på utbygginga.

Slik kan det nye gigantanlegget i Skipavika i Gulen bli.

SLIK BLIR DET: Det nye anlegget blir det største i sitt slag i Noreg.

Foto: Sande Aqua

– Vi må opp og fram, og er det ein ting verda treng, så er det mat. Kysten på Vestlandet og Skipavika i Gulen er heilt ideell for matfiskproduksjon på land, seier styreleiar i Sande Aqua, Stein Inge Larsen, til NRK.

Det nye gigantanlegget blir rigga for produksjon av over 33.000 tonn levande fisk og blir dermed landets største landbaserte oppdrettsanlegg. Ferdig utbygd vil anlegget ha ein kapasitet på 67.000 tonn.

Prisoverslaget er på over 5 milliardar kroner.

– Vil setje spor

– Truleg blir dette den største investeringa som er gjort i gamle Sogn og Fjordane fylke dette tiåret. Vi har brukt ventetida godt og vakenettene er over. Etter grundig forarbeid har vi god kontroll, forsikrar styreleiar Larsen.

Tomtearbeidet er alt i gang i Gulen og Larsen er trygg på at dei skal vere i gang med bygginga av sjølve anlegget i august neste år.

Anlegget vil sysselsetje om lag 70 tilsette når drifta er i gang.

– Dermed har startskotet gått for ei utbygging som vil setje spor etter seg i norsk oppdrettshistorie, meiner Larsen.

Samarbeid med Danmark

Sande Aqua planlegg to rundar med innhenting av kapital i forkant av byggestart.

– Vi er jo ein nasjon som er tufta på laks og lakseoppdrett, så dette er framtida. Det er eg heilt klar på, seier styreleiaren.

Selskapet samarbeider tett med Billund Aquaculture i Danmark på design av utstyret som skal brukast i det nye anlegget.

Betyr mykje for kommunen

Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal, er svært nøgd med at gründerane og industrimiljøet i Skipavika vil satse så mykje.

– Vi er veldig glade når vi får beskjed om at dei vil investere så mykje i arbeidsplassar her i kommunen.

Han vonar no at dei nye arbeidsplassane vil føre til meir tilflytting til dei sørlege delane av kommunen.

Stein Inge Larsen i Skipavika i Gulen.

PÅ TOMTA: Styreleiar Stein Inge Larsen er klar for den største satsinga på landbasert oppdrett i Noreg.

Foto: Jan Harald Rismyhr, Billund Aquaculture

– Viktig med nye investeringar

– Eg syns det er kjempebra. Ein ting me verkeleg ynskjer er å få i gang nye investeringar og nye arbeidsplassar langs kysten, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen til NRK.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen på Husøy i september 2020.

POSITIV: Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen er svært positiv til den store satsinga

Foto: Malin Straumnsnes / NRK

I følgje ministeren har interessa for landbasert oppdrett skote i været sidan 2016.

– Verda treng norskprodusert sjømat, både i vatn og på land, forklarer Ingebrigtsen.

Han understreker kor viktig det er med nye, private arbeidsplassar i ei krevjande tid med tanke på koronasituasjonen.