Hopp til innhold

Her bygger Ap-politikaren utan løyve

Lokallagsleiaren i Ap sende byggesøknad til kommunen, men venta ikkje på svaret.

Nausttomt på Midthjell

UTAN LØYVE: Leiaren i Stad Ap, Berner Midthjell, har fått beskjed av kommunen om å stanse arbeidet ved Nordfjorden.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

No har leiar i Stad Ap, Berner Midthjell, fått varsel om at saka vil verte følgt opp som eit lovbrot, i tillegg risikerer han gebyr.

Midthjell er nyvald leiar i Ap sitt lokallag for nye Stad kommune, som består av noverande Eid og Selje kommunar, samt bygda Bryggja i Vågsøy.

Berner Midthjell

BEKLAGELEG: Berner Midthjell (Ap) vedgår at saka er beklageleg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Midthjell stiller også på kommunevallista til partiet. Han har vore folkevald tidlegare, og sat då i teknisk utval som nettopp handsamar byggesaker.

Eid kommune meiner det er blitt utført søknadspliktig arbeid i strandsona utan løyve.

– Dette er ikkje saker vi har mykje av. Frå ein forvaltningsståstad, ser vi på saka som alvorleg, seier konstituert plan- og utviklingssjef, Roar Sætre.

Sende byggesøknad, men venta ikkje på svaret

  • 9. juli sende Midthjell rammeløyve med søknad om å bygge naust i fjæra på Midthjell i Eid. Tomta ligg ved sidan av tidlegare eldre naust.
  • 23. juli får kommunen bekymringsmelding om at byggearbeidet alt har starta. Naboar hadde også merknadar i nabovarsel.
  • 3. august sender kommunen svar til Midthjell om at søknaden er mangelfull. Dei synfarer tomta, og konstaterer at graving, muring og sprenging alt er i gang.
Graving på Midthjell

STÅR I RO: Graveamaskina på biletet har stått i ro i fleire veker etter at kommunen stansa arbeidet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Midthjell seier han har ein fersk jordskiftedom som gir han naustrett, dermed trudde han det var lov å starte grunnarbeidet.

– Dette har skjedd i god tru, byggeløyve var sendt, men eg har tolka paragrafar slik at gravearbeidet kunne gjerast i framkant av byggeprosessen. Eg er innforstått med at ein skal søke om sjølve bygget. Lova kan tolkast på ulike måtar.

– Det er kostbart arbeid, hadde det ikkje vore tryggast å spørje kommunen fyrst?

– Det vart berre slik, entreprenøren kunne starte på kort varsel, og eg ville kome i gang.

– Du er Ap-lokallagsleiar, står på nominasjonslista, og har vore i kommunestyre og teknisk utval før. Skal ikkje ein då kunne reglane?

– Ja, absolutt, om det er slik at ein er lokallagsleiar skal blandast med dette. Ein skal følgje lova, og det prøvar vi å nøste opp i.

– Det må vere lov å gjere feil

Siri Sandvik er Stad Ap sin ordførarkandidat, og sit i fylkesstyret for Ap. Ho meiner det er avgjerande at han prøver å ordne opp.

Siri Sandvik

ORDFØRARKANDIDAT: Siri Sandvik (Ap) er også gruppeleiar for Ap i kommunestyret i Eid kommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Berner seier han har handla i god tru, eg har ingen grunn til å ikkje stole på det. Vi er alle berre menneske, og det må vere lov å gjere feil.

For ti år tilbake måtte Sp-leiar Åslaug Haga trekkje seg, etter ei ulovleg byggesak i strandsona i Stryn.

Midthjell-saka må truleg handsamast politisk. Sandvik seier Ap-gruppa vil halde seg objektive. Saka vil ikkje få følgjer for vervet som lokallagsleiar.

– Vi har ingen grunn til å ikkje ha tillit.

– Kan få gebyr eller måtte føre tilbake området

No ventar kommunen på ny revidert søknad.

– Dersom det er grunnlag for byggeløyve kan saka ende med gebyr. Ved avslag vil ein vanlegvis få pålegg om retting og tilbakeføring av området, seier Roar Sætre.

Midthjell seier naustbygginga er blitt ei kjedeleg sak.

– Saka er veldig beklageleg.