Hopp til innhold

Her bør du legge første ferieveka di

Sommarferien startar med sol og varme i sør- Noreg. I nord-Noreg blir det vått og litt kjølig.

Åros i Asker

FERIESTART: Sol og stort sett skyfri himmel og 23 grader i Åros i Asker.

Foto: Trond Robertsen

No startar sommarferien for kring halvparten av oss. Men kvar bør dei solhungrige av oss legge ferien?

– Den første ferieveka ser ganske lovande ut, spesielt i sør-Noreg, og i alle fall på Austlandet, seier meteorolog Sigrid Auganæs.

Austlendingane kan sjå fram mot temperaturar opp mot 25 grader og det er duka for mykje sol. Vestlandssommaren startar med litt meir skya vêr.

– Men også her blir det mykje innslag av sol og temperaturar opp imot 20 grader.

Midt-Norge får også ganske fin start på ferien. Litt skya, men også mykje innslag av sol og temperaturar over 20 grader.

– Nord-Noreg er ikkje like heldig. Men det blir ikkje sånn altfor gale der heller.

Våt start i nord

I nord bør dei om startar ferien no nyte denne helga, for resten av blir prega av eit lite lågtrykk som tar med seg litt regn, i alle fall i første del av veka.

– Det ser ut som helga etter blir litt finare med meir innslag av sol og litt høgare temperaturar, Vi snakkar då om temperaturar over 15 grader.

Mange vil til fjells

Dei komande to vekene opnar dei fleste av hyttene til Den Norske Turistforening. For dei er vêret er svær viktig, særleg no så tidleg på sesongen.

Turistforeningen generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang

Dag Terje Klarp Solvang er generalsekretær i DNT.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Folk er spente på kor mykje snø som ligg igjen, kor tørt det er, og kor lett det er å ta seg fram. Då er det alltid kjærkome med ekstra mykje sol og varme, for då smeltar det mykje og tørkar godt opp, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang.

Dei seinare årar har dei merka ein auka interesse for ferie i fjellet, og medlemsveksten ser ut til å halde fram.

– Det er kjekt å sjå at medlemsveksten vår frå i fjor held seg. Og dei som melder seg inn er frå heile spekteret frå ung til godt vaksne.

Turistbølge i sommer

Stadig fleire legg sommarferien til fjellet

Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

Vil til Syden

Ikkje alle stolar på den norske sommaren. Mange vil lenger sør til sol og høge temperaturar.

Kring 8.500 skal ut på pakkereise i helga gjennom reiseselskapet Apollo. Dei har 45 fly frå heile Noreg.

Alle flyavgangar er heilt utselde, og salet har gått opp 15 prosent opp frå i fjor. For nordmenn er varme temperaturar grunn til at vi reiser, seier kommunikasjonssjef Beatriz Rivera.

TUI gir ikkje ut eksakte tal for reisande, men frå og med i dag er det høgsesong.

Det er ikkje tvil om at det er mange nordmenn som går rett frå jobb eller skulebenken til flyet sørover, seier kommunikasjonssjef Anne Mørk-Løwengreen:

Frå og med i dag er det fullt køyr med reisande til Mallorca, Rhodos og Kreta, som er dei mest populære reisemåla.

Folk ser ikkje ut til å la seg skremme av prognosar for høge temperaturar.

Nordmenn reiser til Hellas og Spania fordi dei ynskjer seg sol- og varme-garanti.

Close-up Of Thermometer On Sand termometer i sand

Rekordhøge temperaturar fleire stader i Sør-Europa.

Foto: Andrey Popov - stock.adobe.com

Kan bli for varmt

Men sjølv om nordmenn er glade i varme kan 30–40 grader bli vel varmt.

– Då kan kanskje Frankrike vere plassen. Vi ser høge temperaturar i Hellas og Italia medan det er kjølig i deler av Spania, så då blir Frankrike ein mellom ting. Men det er berre tipping seier meteorolog Sigrid Auganæs.

Og medan nordmenn reiser mot varme, kjem folk frå sørlegare strok til Noreg.

– Eg trur Noreg blir meir og meir attraktivt etter kvart som Europa blir varmare og varmare. Då er Noreg ein god stad å bruke sommaren, seier Solvang.

Det er meldt varme dagar framover.

Skal du ut å reise? Husk å sjekk farevarslar.

Foto: Skjermdump / Meteorologene

Dei siste åra har dei sett ein stor auke i besøkande får nabolanda våre, men også frå lenger sør i Europa.

– Eg trur vi vil sjå ein del omvende klimaflyktningar. Så det gjeld å vere godt budde. Når det kjem mange menneske, så må vi ha tenkt gjennom at det kan komme mange menneske. Det gjeld alle som ønsker velkommen til landet vårt. At vi sørger for å ha nok toalett og nok parkeringsplassar.

Og hjå turistforeininga er det alltid ei ledig seng.

Hjå oss får du alltid ei seng, men har du bestilt, så veit du at du får ei seng på kanskje det rommet du ønsker. Kjem du, som du alltid kan gjere, så kan det hende at det blir ei madrass på ein sovesal eller der kor det er plass.