Hopp til innhold

Her blir kvinna redda i land

Breføraren Tshering Pande Bhote vart hjelpelaust vitne til at tre personar vart tekne av ei flodbølge. Han filma minutta etter at Nigardsbreen kalva.

Dramatiske minutt då fleire personar vart tatt av breelva.

Ein person omkom då Nigardsbreen i går kalva og skapte ei flodbølge. Vedkommande hamna i elva og vart ført heilt ned til vatnet fleire hundre meter lengre nede.

På videoen kan ein sjå tre personar som spring til for å dra opp ei kvinne frå elva. Lengre oppe er berget vått langt opp mot sperringane, og det kan sjå ut til at fleire av stoplane er velta over ende.

Dei dramatiske minutta etter ulukka vart fanga opp på film av breføraren Tshering Pande Bhote som var på breen då ulukka skjedde.

– Tre personar vart tekne av vassmassane og ført nedover elva, seier han.

Tshering Pande Bhote

VITNE: Breførar Tshering Pande Bhote var hjelpelaus då breen kalva og flodbølga tok med seg tre turistar nedover i elva. Ein fjerde turist vart treft av isbitar, men fekk hjelp av ein fransk lege som var turist på staden.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Han kunne ikkje gjere anna enn å sjå dei tre personane forsvinne nedover elva. Han fortel at to av dei kom seg i land, medan den tredje personen forsvann vidare nedover. Denne personen som seinare vart funnen av eit redningshelikopter og erklært død.

Bhote har jobba ved Nigardsbreen i fleire år og tenkjer tilbake på ulukka for fire år sidan som kravde to liv. Han synest det er leit at folk ikkje respekterer sperringane som er sett opp.

Sjå kvinna bli redda i land

BLIR REDDA: Tre personar spring til for å dra kvinna opp frå elva. Den andre kvinna klarte sjølv å kome seg på land, medan ein mann forsvann vidare nedover elva. Han vart seinare funnen og erklært død på staden.

Foto: Tshering Pande Bhote

Kunne ha vore unngått

– På det tidspunktet ulukka skjedde var det cirka 20 personar i området ved breen, 7–10 av desse var innanfor det avsperra området, seier konstituert lensmann i Sogn, Magne Knudsen.

Han leier etterforskinga etter ulukka. For fire år sidan rykte han sjølv ut til ulukka då eit tysk ektepar miste livet framfor ungane sine.

– Eg blir litt fortvila over at dette skjer igjen, seier Knudsen.

Då den store isblokka i går losna vart også ein fjerde person treft av isbitar i hovudet. Denne personen vart sjekka av ein fransk lege som var i området som turist. Dei tre som hamna i elva var to kvinner og ein mann. Begge kvinnene klarte å berge seg i land.

– Ei av dei som hamna i elva klarte å berge seg sjølv, medan den andre kvinna måtte ha hjelp til å kome seg opp att på land, fortel Knudsen.

Politiet bekreftar at mannen som omkom var kjærast med ei av kvinnene som berga livet.

– Ingen var der på organiserte turar, dei var der på private turar, seier lensmannen.

Han er klar på at ulukka kunne ha vore unngått dersom folk hadde respektert sperringane.

– Hadde folk respektert sperringane så hadde vi spart oss for dette, seier han.

Fleire sperringar

FLEIRE SPERRINGAR: Dagen etter ulukka var Statens naturoppsyn, politiet, breførarlaget og Luster kommune ved staden for å setje opp fleire sperringar ved Nigardsbreen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK