– Då eg kom til Vik var eg psykisk prega. Eg har nytta tida her til å bli frisk – eller betre i det minste.
Han kjem frå jobb i den mekaniske verkstaden for å møte NRK i kapellet. Dette er ikkje det første fengselet han ser innsida av.
– Eg har vore i Bergen fengsel, og Vik fengsel kan hjelpe på ein måte som andre, større fengsel ikkje kan, seier Trond.
No fryktar Kriminalomsorgen nedbygging av små fengsel i distrikta.
Uroleg for konsekvensane av sentralisering
– Det er ein frykt me må ta på alvor. Det er sterke krefter som jobbar for å stenge ned opne fengsel, seier Asle Aase, leiar i Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund.
Systematisk nedbygging av mindre fengsel, kallar han regjeringa sitt framlegg til neste års statsbudsjett. Å byte ut mindre distriktsfengsel med større, sentraliserte fengsel kan føre til at dei mest utsette fangane får det dårlegare.
– Me treng kompetanse og pengar. Om me ikkje har det på plass så driv me eit eksperiment der me ikkje veit kva konsekvensane er om sju–åtte år.
Å bli sett i kvardagen
– Kome seg opp om morgonen, få i seg frukost, kome seg ut av cellene og i aktivitet.
Sosialkonsulent Tove Lislelid meiner dette er oppskrifta på god mental helse i fengselet. Ho og fengselsleiar Roy Stadheim kan vise til gode resultat i den vesle bygda.
– Å drive fengsel i distrikta er det mest gunstige med tanke på rehabilitering, seier han.
Høyrer ikkje på forskarane
– Det er heilt openbert at det blir opplevd som betre og meir konstruktivt å sitje i små fengsel, seier Thomas Ugelvik, professor i kriminologi ved Universitetet i Oslo.
Små fengsel er oftare lågsikkerheitsfengsel og det kan påverke kven som sit der og korleis miljøet blir. Resultata er likevel eintydige, og han meiner politikarane ikkje lyttar til forskinga.
– Om den varsla politikken om å legge ned små fengsel blir ein realitet så høyrer ein ikkje på forskarane, seier han.
– Ikkje sentralisering
Frida Melvær (H) sit i justiskomiteen på Stortinget. Ho meiner regjeringa sin politikk ikkje kan beskrivast som sentralisering.
– Det som ligg til grunn for nedskjeringane er at me har overkapasitet på opne soningsplassar. Å bruke titals millionar på tomme plassar ser ikkje me som formålstenleg. Me vil heller styrke tilbodet for dei innsette.
Trond skal feire jul i Vik fengsel, men håpar å sleppe ut rett etterpå. Og ikkje minst så håpar han å ikkje hamne tilbake att. Opphaldet her har hjelpt på det, trur han.
– Eg heiar veldig på denne typen fengsel.