Semitraileren fekk køyreforbod

Den polske semitraileren som torsdag sperra fylkesveg 616 ved Oldeidetunnelen i Bremanger har fått køyreforbod til fredag morgon.

Semitrailer stengjer vegen ved Oldeidetunnelen.

BLOKKERT: Fylkesveg 616 blir stengd i fleire timar grunna denne polske semitraileren.

Foto: Christian Bjerkreim

Politiet fekk melding om uhellet like over klokka 14. Semitraileren byrja å skli på veg opp frå ferjekaien mot nordsida av tunnelen.

Det vart varsla at vegen ville vere stengd til klokka 20-21 grunna tilgang til bergingsbil. Den polske føraren fekk derimot sjølv kontakt med ein bilbergar som tilfeldigvis var i nærleiken. Vegen var opna att klokka 18.

– Med den sklei kom den også borti ein personbil. No har semitraileren saksa seg og sperrar vegen, seier bussjåfør Jan Ove Rønning til NRK.no.

La ikkje på kjettingar

Rønning var på veg til Berle med ti skuleborn. Han måtte sjå borna gå forbi semitraileren for å komme seg heim.

– Eg snakka med ein vogntogsjåførar som kom med same ferja. Om bord var dei fleire som la på kjettingar, men ikkje denne karen. No står han her, seier Rønning.

Sidan køyringa enda i uhell med materielle skader og sperra veg, er det oppretta politisak på forholdet. Semitraileren blir truleg ståande i Bremanger i natt.

– Semitraileren er fjerna, men har fått køyreforbod til fredag morgon. I tillegg blir det oppretta sak på forholdet, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt klokka 18.

Fleire sklei ned att

Gunnar Skjølberg var på veg heim til Bremanger då han såg semitraileren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Semitrailer sperrar fylkesveg 616 i Bremanger.

SPERRAR: – Eg skjønar ikkje korleis dei skal klare å løfte hengaren over sementkanten, seier ein av bilistane som vart stogga av semitraileren ved Oldeidetunnelen.

Foto: Jan Ove Rønning

– Det stod ein del bilar som ikkje kom seg forbi. Det var så glatt på staden at enkelte sklei baklengs ned att. Eg fann det best å rygge meg ned att til ferjeleiet. Her blir eg ståande til det losnar, seier Skjølberg og legg til at det snør tett og er vind i området.

– Ein må ha sterk bil om denne skal opp att, legg han til.

– Utruleg at han vågar

Rønning er ikkje imponert over at den polske vogntogsjåføren tok sjansen utan å legge på kjettingar.

– Det er eigentleg mord når tenkjer på personbilar som er der. No gjekk det heldigvis bra med dei som sat i bilen han trefte. Det er utruleg at han vågar, seier han.

Vanskeleg jobb

Det har i dag vore kaotiske tilstandar og ei rekkje trafikkuhell på vegane over heile fylket. Vegtrafikksentralen i Lærdal opplyser at dei har fått fleire telefonar om manglande vedlikehald. Spesielt frå Sunnfjord og ytre delar av Sogn.

Vogntog av vegen på E39

AV VEGEN: Dette vogntoget hamna i grøfta på E39 mellom Svidal og Ålhus i Jølster.

Foto: NRK.no-tipsar

Vaktoperatør Ketil Molvær legg til at alle entreprenørar er ute, men at det er krevjande å halde standarden på vegnettet.

– Det har kome mykje snø, og det er forholdsvis mykje vind i tillegg, seier han.

Full stogg i Jølster

På E39 i Jølster var det i 16-tida fullstendig stogg. Truleg på grunn av berging av eit vogntog som har køyrt i grøfta ved Langhogane. Klokka 1645 til 1745 blir same veg stengd mellom Svidal og Ålhus på grunn av bilberging.

Rønning i Bremanger seier at dei i heile dag har ringt vegmeldingssentralen for å få strødd vegane. Han seier det har kome 10–15 centimeter snø, og at det no er skikkeleg vinterføre.

– Det ligg bilar fleire stader. Mellom anna ein Transferd-bil i retning Kalvåg, seier han.

– Ikkje umiddelbar betring

Bil køyrde i bybussen i Slåttebakkane

KRASJA: Bybussen i Førde fekk ein personbil i fronten i Slåttebakkane.

Foto: NRK.no-tipsar

Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal opplyser i 17-tida at det er kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet og Filefjell grunna uvêr. Strynefjellet er førebels ope.

Han legg til at vinden polerer allereie islagde vegar i låglandet.

– Det er framleis meldt om ein del vind og nedbør utover kvelden, så det er ikkje noko umiddelbar betring i sikte, seier han.