Milliardar står på spel når regjeringa tysdag presenterer kartet som fargelegg norskekysten for oppdrettsnæringa.
Fargeinndelinga av dei tretten produksjonssonene styrer i realiteten kven som kan auka – eller må redusera – produksjonen av laksefisk.
For første gong blir produksjonen føreslått tatt ned på Vestlandet. Sonene som strekkjer seg frå Nordhordland i Vestland til Hustadvika i Møre og Romsdal blir merka raudt.
– To område på Vestlandet får no raudt lys fordi påverknaden frå lakselus på villaks er uakseptabel, sier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Tar i bruk alle fargane
Frå og med 2020 blir trafikklyset slått på for fullt. Det betyr at oppdrettarar i eventuelle raude sonar risikerer å måtta ta ned produksjonen. Gul sone betyr stillstand, medan grøn sone opnar for ein auke i produksjonen.
Slik er inndelinga i dei 13 sonene:
- 9 soner er grøne. Det betyr at oppdrettarane i desse sonene kan søka om å få auka produksjonen.
- 2 soner er gule: sone 10 (Andøya til Senja) og sone 3 (Karmøy til Sotra) I desse sonene er lakseluspresset såpass høgt at det ikkje er tilrådd å auka talet på oppdrettsfisk.
- 2 soner er raude: sone 4 (Nordhordland til Stad) og sone 5 (Stad til Hustadvika) Lakseluspresset i desse sonene er så kritisk at styresmaktene meiner produksjonen må takast ned.
Nærings- og fiskeridepartementet baserer fargelegginga på naturfaglege råd, skriv departementet i ei pressemelding.
– Havbruksnæringa er ei viktig næring for Noreg. Ho gir høg verdiskaping og arbeidsplassar i distrikts-Noreg. Me sørger no for framleis vekst i næringa, samstundes som me tar villaksen på alvor, seier fiskeri- og sjømatminister Geir-Inge Sivertsen (H).
I område der påverknaden av lakselus har vore ulik i 2018 og 2019 har departementet gjort ei samla vurdering kor også samfunnsøkonomiske konsekvenser har spelt inn.
– Vi har lagt særleg vekt på utviklinga i områda når me har tatt avgjerda om kva farge områda skulle få, seier fiskeriministeren, som tysdag klokka 12 presenterer kartet på ein pressekonferanse.
Raudt på Vestlandet
Havbruksnæringa og norske lokalsamfunn har tent milliardar på oppdrett i fjordane. Men i takt med veksten i oppdrettsmerdane, har lakselusa formeira seg og spreidd seg i fjordsystemet.
Resultatet har vore smitte og status som utryddingstruga for fleire av dei historiske laksestammene, ifølge villfiskarlag.
- Les meir:
I 2015 blei det bestemt at lakse- og aureoppdrett skal styrast etter eit trafikklyssystem for å regulera produksjonskapasiteten. To år seinare blei trafikklyset skrudd på, og kvart andre år blir dei 13 produksjonsområda farga på nytt.
No gjer regjeringa alvor av trugslane, og krev reduksjon i to soner på Vestlandet.
– Me har eit stort ansvar for å ta vare på villaksen i Noreg, og omsynet til villaksen er ein viktig del av trafikklyssystemet. For første gong vil me redusera produksjonskapasiteten i desse områda for at villaksen skal få betre tilhøve, sier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
To raude soner i 2017
Fargelegginga av trafikklyssystemet er allereie langt på overtid. Allereie i fjor haust skulle dåverande fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) legga fram kartet, men presentasjonen har fleire gongar blitt utsett, sist til like over nyttår.
I fjor haust varsla fiskeriminister Nesvik at han ville bruka alle fargane i kartet. Det gjer hans arvtakar no alvor av.
- Bakgrunn:
Før dagens presentasjon uttalte prosjektleiar i Hardangerfjord villfisklag, Sven-Helge Pedersen, at han forventa raud farge også i 2020.
– Det bør bli raudt. Det har ikkje endra seg fælt mykje sidan 2017. Me forventar raudt i Hardangerfjorden og produksjonsområde 3, seier Pedersen.
Tre soner fekk gult (2, 5 og 6) medan resten blei farga grøne for tre år sidan.
Dette er områda med endring i lakseluspåverknad frå 2018 til 2019
– Ryfylke og Nord-Trøndelag med Bindal får grønt lys. Her har utviklinga vore positiv i måleperioden og gått frå moderat til låg påverknad frå lakselus. Det er også positivt at dei nasjonale laksevassdraga er relativt lite påverka av lakselus.
– Området frå Karmøy til Sotra får gult lys. Også dette området har hatt ei positiv utvikling frå høg påverknad frå lakselus i 2018 til moderat i 2019. Det er også positivt at smittepresset er lågt utanfor det nasjonale laksevassdraget Etne.
– Området frå Andøy til Senja får også gult lys. Her har det vore ei negativ utvikling frå låg påverknad frå lakselus i 2018 til moderat i 2019. Dette er bekymringsfullt så langt nord i landet.
– Produksjonsområdene fra Nordhordland til Stadt og fra Stadt til Hustadvika får raudt lys. Områda har hatt ei negativ utvikling frå moderat påverknad frå lakselus i 2018 til høg påvirkning i 2019.