Hopp til innhold

Her blir det opp mot 50 vindmøller

Olje- og energidepartementet har i dag stadfesta konsesjonen til Guleslettene vindkraftverk i Bremanger og Flora kommunar.

Guleslettene i Flora og Bremanger

OPP MOT HUNDRE VINDMØLLER: Guleslettene som ligg dels i Flora og dels i Bremanger.

Foto: Zephyr AS

Guleslettene vindkraft AS, som er eigd av Norsk grønkraft AS og Zephyr AS, får dermed lov til å byggje og drive eit vindkraftverk. Det kan produsere straum tilsvarande forbruket til vel 20.000 husstandar.

I konsesjonssøknaden skisserte selskapet ein plan for inntil 65 vindmøller, men det er no gitt konsesjon til mellom 40 og 50 turbinar.

– Dette er veldig gledeleg, vi har venta i lang tid. Alt er ikkje byggjeklart enno, og vi må gjere detaljprosjektering og skaffe finansiering, seier leiar i Zephyr, Olav Rommetveit.

Dei står bak prosjektet, som dei håpar å kome i gang med i 2018. Departementet har i dag også stadfesta konsesjonen til SFE Nett AS for å bygge og drive ein om lag 30 kilometer lang kraftleidning frå ny koplingsstasjon ved Magnhildskaret via Svelgen, til Ålfoten transformatorstasjon. Kraftleidningen er nødvendig for å knyte produksjonen frå vindkraftverket til kraftleidningsnettet.

Departementet har vurder dei negative verknadene for friluftsliv, landskap og trekkfugl, men har landa på eit ja. Det blir lagt vekt på at dei tekniske og økonomiske føresetnadene er gode, mellom anna med svært gode vindtilhøve.

– Veldig positivt

Vidar Grønnevik

GLAD FOR KONSESJONEN: Fylkesleiar Vidar Grønnevik i Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesleiar Vidar Grønnevik i Høgre seier han er glad for at regjeringa er positiv til slik fornybar energi.

– Eg synest det er veldig positivt at vi no endeleg har fått konklusjon på ei sak som har gått altfor lenge. Det viser at vi har ei regjering som fokuserer på det grøne skifte og på fornybar energi.

– Samstundes fører dette til aktivitet og arbeidsplassar i område med avgrensa næringsverksemd, og grunneigarane får ei betre utnytting av eigedomane sine.

Organisatorisk nestleiar i Sogn og Fjordane Frp, Miriam Nesje, seier at fylkeslaget arbeider inn mot olje- og energiminister Tord Lien og departementet for at fleire store vind- og vasskraftprosjekt i Sogn og Fjordane skal bli realiserte.

– Eg er veldig glad på vegner av både heimkommunen Bremanger, bukommunen Flora og heile Sogn og Fjordane. Dette har vi venta på lenge.

– Forferdelege planar

Men det har og vore stor motstand mot planane. Alvar Melvær i miljøvernutvalet til Sogn og Fjordane turlag åtvara alt i 2008 sterkt.

– Det er nokre forferdelege planar, for å seie det slik. Dei dekkar det viktigaste skiutfartsområdet for kommunane Flora og Bremanger. Deler av det vindkraftanlegget vil kome midt i det området som er mest brukt til å gå på ski. Så dette er ille, sa han då.

I dag seier Melvær at området i dei siste åra er blitt mindre viktig som skiutfartsområde, men at det til gjengjeld er blitt mykje meir brukt som turområde sommarstid.

– Så eg står ved det eg sa for åtte år sidan.